Presseinvitasjon: Mehl mottek rapport frå NSM-utvalet
Pressemelding | Nr: 14 – 2024 | Dato: 29.02.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
På oppdrag frå regjeringa har eit utval leia av Svein Gjedrem gått gjennom omstenda rundt leige- og låneavtalar som blei inngått i samband med NSM sin leige av lokale i Snarøyveien 36. Fredag blir rapporten overlevert til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.
Mehl mottek rapport frå NSM-utvalet
Sjå sendinga her
Tid: Fredag 1. mars kl. 13.00-14.00
Registrering frå kl. 12.30. Hugs pressekort og gyldig ID.
Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg, Riddervoldsgate 2.
Påmelding: Påmelding innan kl. 11.00 1. mars til kommunikasjonsrådgivar camilla.fosse@jd.dep.no
Pressekontakt for justis- og bereredskapsministeren: Kommunikasjonssjef Trude Larstad, tlf 936 67 742, trude.larstad@jd.dep.no.
Strøyming:
Pressekonferansen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.