Presseinvitasjon: Mehl mottek utgreiing frå Rushandhevingsutvalet

Utvalet vart nedsett av regjeringa i mai 2023 og er leia av tidlegare lagmann Hans-Petter Jahre. Tysdag 18. juni blir utgreiinga overlevert til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Utvalet har det siste året sett på dei strafferettslege og straffeprosessuelle spørsmåla som den kommande rusreforma reiser. Dei har òg sett på om politiet har eigna verkemiddel for å avdekke og motverke narkotikabruk blant ungdom, og å avdekke og etterforske innførsel og sal av narkotika for å få bukt med organisert kriminalitet.

Tid: Tysdag 18. juni kl. 15.00
Registrering: Frå kl. 14.30. Hugs pressekort og gyldig ID.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20

Påmelding: Påmelding innan kl. 12.00 tysdag 18. juni jdinfo@jd.dep.no

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren: kommunikasjonssjef Trude Larstad, tlf. 936 67 742, trude.larstad@jd.dep.no.

Nett-tv Mehl mottek utgreiing frå Rushandhevingsutvalet

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Strøyming:

Pressekonferansen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.