Presseinvitasjon:

Møte med Utanriks- og forsvarskomiteen om ny langtidsplan for Forsvaret

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) har onsdag 29.11 første arbeidsmøte med Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget i samband med utarbeiding av ny langtidsplan for Forsvaret.

Forsvarsministeren og leiar for komiteen, Ine Eriksen Søreide (H), vil vera tilgjengeleg for pressa i etterkant av møtet.

Tid: Ca kl. 18.00

Stad: Utanfor statsrådssalen på Stortinget

Den endra tryggingspolitiske situasjonen i verda, og Russlands brutale angrepskrig mot Ukraina betyr at me kjem til å måtta bruka meir av ressursane i samfunnet på forsvar og beredskap i tida framover. Regjeringa ønskjer derfor brei tilslutning til hovedlinjene i den nye langtidsplanen for Forsvaret. 

Tidlegare i haust møtte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) dei parlamentariske leiarane og medlemmer frå komiteen på Stortinget. Her vart det avtalt at regjeringa skal ha møte med utanriks- og forsvarskomiteen for å ha dialog med Stortinget undervegs i arbeidet med langtidsplanen.

 

Pressekontakt for forsvarsministeren:

Trond Øvstedal, Forsvarsdepartementet. Tlf 975 29 556