Presseinvitasjon: Næringsministeren i Gran og Jevnaker 31. mars

Dette innholdet er mer enn 1 år gammelt.

Næringsminister Jan Christian Vestre er i Gran og Jevnaker fredag 31. mars. Der vil han besøke bedriftene Hapro, Sanner Hotell, Hadeland glassverk og Inaventa Solar.

– Eit variert og spennande næringsliv har blomstra fram i Gran. Eg gler meg til å høyre meir om alt dei har fått til innan energieffektivisering og det grøne skiftet, seier næringsminister Jan Christian Vestre. 

Hapro AS, Gran

Første stopp er bedrifta Hapro i Gran som er ein av landets leiande produsentar av profesjonell elektronikk, og i tillegg ei attføringsbedrift som hjelper folk tilbake i arbeid. På møtet skal dei diskutere ulike tiltak for straumsparing og energieffektivisering.

– Norsk næringsliv skal gjennom den største omstillinga i nyare historie. Straumsparing og energieffektivisering er viktige tiltak for at norske bedrifter nyttar verdifull energi best mogleg og held seg konkurransedyktige heile vegen gjennom det grøne skiftet, seier Jan Christian Vestre.

Sanner Hotell AS, Gran

Vidare skal næringsministeren besøke Sanner Hotell som har vore i drift sidan 1930. På møtet skal ein mellom anna diskutere korleis det er å drive reiseliv når verksemda ligg verken i ein by eller ein kjend turistdestinasjon.

– No skal vi skal få fart på reiselivet igjen etter pandemien. Då er det viktig å også høyre frå dei som får det til utanfor allfarvegen, seier næringsministeren.

Hadeland Glassverk AS og Inaventa Solar AS, Jevnaker

Næringsministeren besøker Hadeland Glassverk og Inaventa Solar. Glassverket vart grunnlagd i 1762 og er Noregs eldste industribedrift med kontinuerleg drift. Inaventa Solar er ei norsk solenergibedrift som produserer og leverer solfangarar og solvarmeløysingar.

På møtet med bedriftene skal ein mellom anna diskutere kva moglegheiter næringslivet har i møte med dei høge straumprisane, og nye løysingar for utnytting av solenergi til oppvarming og andre føremål.

Program

09:00

Bedriftsbesøk Hapro.

Adresse: Mohagasvingen 8, 2770 Jaren

11:15

Bedriftsbesøk Sanner Hotell.

Adresse: Granavollen 3, 2750 Gran.

13:15

Bedriftsbesøk Hadeland Glassverk og Inaventa Solar.

Adresse: Glassverkvegen 9, 3520 Jevnaker.

Kontakt

Presse som ønsker å dekke programmet kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Tore Andre Kjetland Fjeldsbø på 476 76 856 eller tore-andre-kjetland.fjeldsbo@nfd.dep.no.