Presseinvitasjon: Næringsministeren opnar hydrogenfabrikk på Eigerøy torsdag 8. februar

Torsdag 8. februar opnar Jan Christian Vestre hydrogenfabrikken på Eigerøy offisielt. Dette markerer ein viktig milepæl i utviklinga av ein verdikjede for produksjon av hydrogen med låg eller ingen utslepp i Norge.

Eigerøy i Eigersund kommune er først ut av tre øyar i Europa som er del av eit EU-prosjekt som skal lette dekarbonisering av øyer. Som ein del av dette vert no ein anlegg for produksjon av grønt hydrogen opna på havnområdet på Kaupanes på Eigerøy.

Pressa er velkomen til å delta på heile programmet og statsråden er tilgjengeleg for intervjuar.

Program for næringsministerens besøk:

Kl. 08.00 - 08:30: Møte med lokale næringslivsrepresentantar på Grand Hotel Egersund. Pressa er velkommen til å delta.

Kl. 08:30 – 08:45: Transport til Kaupanes Adresse: Kaupanes, Eigerøy. Oppmøte vis-à-vis Prima protein, Hovlandsveien 64, 4374 Egersund.

Kl. 08:45 - 09:00: Omvisning for statsråden på området til Hydrogen-fabrikken på Kaupanes.

Kl. 09:00 – 09:20: Moglegheit for presseintervju.

Kl. 09.20 – 09.35: Transport til Vannbassengan Adresse: Vannbassengan utanfor Egersund sentrum.

Kl. 09.35-09.50: Treplanting i "statsrådsskogen".

Kl. 09.50-09.55: Transport til Grand Hotel Egersund, adresse: Johan Feyers gate 3, 4370 Egersund.

Kl. 10:00 – 10:25: Offisiell programstart. Stad: Konferanserom, Grand Hotel Egersund.

Velkomst frå arrangør og dagleg leiar i Dalane Hydrogen, Arild Stapnes John, konferansier og dagleg leiar i ENH, Anne Vigdis Ellingsen, og ordførar i Eigersund, Anja Hovland.

Næringsministeren held innlegg og digital produksjonsstart.

Kl. 10:30. Programmet held fram. Avreise for næringsministeren.

Pressekontakt: Helene Hoddevik Mørk, kommunikasjonsrådgiver i Nærings- og fiskeridepartementet, e-post: hhm@nfd.dep.no, mob: 943 59881.