Presseinvitasjon: Næringsministeren til Ålesund
Pressemelding | Dato: 25.05.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fredag 27. mai besøker næringsminister Jan Christian Vestre verksemder i Ålesund. Tema for besøket vil mellom anna vere eksport og berekraft.
– Endeleg blir det besøk til Ålesund. Etter at flykrøll og sjukdom førte til avlysning dei to førre gangane eg var på veg håper eg alle gode ting er tre. No er eg megaklar for å treffe næringslivet i ein av Noregs vakraste byar. Gjennom eksportreforma «Heile Noreg eksporterer» vil regjeringa videreutvikle det kraftfulle, eksportretta kompetansemiljøet som finst i Ålesund, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Program – fredag 27. mai
09:45-10:30 Optimar
Adresse: Valderøyvegen 1129
10.45 – 11.30 Treff med sjømatnæringen hos Br. Sperre AS
Adresse: Ellingsøyvegen 680
12.00 – 12.45 Spilka Industrier
Adresse: Langrabben 71, Emblem
13.00 – 15.15 Program ved Norsk Maritimt Kompetansesenter
- Kongsberg og GCE Blue Maritime Cluster
- DigiCat
- Framtidslaben
- Møte med eksportverksemder
Adresse: Borgundvegen 340
Kontakt:
Presse som vil dekke delar av eller heile programmet kan ta kontakt med kommunikasjonseininga i Nærings- og fiskeridepartementet v/ Øyvinn Myge på 99291137 eller omy@nfd.dep.no