Presseinvitasjon
Overlevering av utgreiing om barn og unge sin skjermbruk
Pressemelding | Dato: 07.11.2024 | Kunnskapsdepartementet
Korleis påverkar bruken av skjerm barn og unge si helse, læring, livskvalitet og oppvekst? Mandag 11. november kl. 12.00 - 13.00 overleverer Skjermbrukutvalet sin sluttrapport til regjeringa.
Overlevering av Skjermbrukutvalets sluttrapport
Se sendingen her
Tid: 11. november 2024, kl. 12.00
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 20.
Utvalet har hatt i oppgåve å leggje fram eit breitt kunnskapsgrunnlag om barn og unge sin skjermbruk, og kome med tilrådingar til regjeringa.
Leiar av utvalet, Robert Steen, vil innleie og overlevere rapporten til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. Kunnskapsministeren, barne – og familieminister Kjersti Toppe og statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Usman Ahmad Mushtaq, har korte innlegg etter overleveringa.
Det blir høve til separate intervju for pressa.
Journalistar bør melde seg på og møte opp før kl. 11.50. Hugs gyldig ID. Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Mari Johansen (mari.johansen@kd.dep.no eller 477 61 063).
Strauming:
Arrangementet blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.