Presseinvitasjon: Samferdselsministeren held Jernbanetalen 2025

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård held jernbanetalen for 2025 i Oslo måndag 13. januar kl. 13.00. Dette er andre gong samferdselsministeren held ein slik årstale.

Nett-tv Jernbanetalen 2025

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

I talen presenterer samferdselsminister Jon-Ivar Nygård regjeringas hovudprioriteringar, forventingar og setter retning for jernbanesektoren i 2025.

Jernbanedirektør Knut Sletta og konsernsjef Thor Gjermund Eriksen i Bane NOR vil deretter kommentere innhaldet.

På arrangementet vil også leiarar frå Statens jernbanetilsyn, Norske tog, Entur AS, Flytoget AS, Go-Ahead Nordic AS, SJ Norge AS, Vygruppen AS, Norsk Jernbaneforbund, Norsk Lokomotivførerforbund og andre relevante interesseorganisasjonar vere til stades.

Talen blir halden i Hovedbølet i Akersgata 64 (Arbeids- og inkluderingsdepartementet), Oslo.

Intervju etter talen

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og leiarane i etatar, verksemder og andre organisasjonar vil vere tilgjengelege for enkeltintervju i etterkant.

Journalistar som ønsker å delta på arrangementet eller intervjue samferdselsministeren, må melde ifrå til pressekontakt Frøydis Tornøe innan måndag 13. januar klokka 12.00.

Strøyming

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS), og du kan sjå sendinga direkte på regjeringa.no. Her kan du også laste ned videofila i etterkant.

DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende arrangementet direkte. Kontaktperson for dette kan du nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på nettstadene sine finn embed-kode ved å trykke på «Del video»-knappen i videospelaren på sida.