Presseinvitasjon: Samferdselsministeren på sommarturné 26.-28. juni

I tre dagar skal samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på reise frå Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal i vest gjennom Innlandet og til Oslo i aust. Tema for turen er teknologi, natur og klima, og seriøsitet i arbeidslivet.

– Klimautslepp og nedbygging av areal er blant vår tids største utfordringar, og utsleppa frå transportsektoren må ned. Regjeringa har teke fleire grep som på sikt vil bidra til å få ned utsleppa og stagge mengda natur som vert bygd ned. Samstundes trur eg ny teknologi vil vere viktig for å nå klima- og naturmåla vi har forplikta oss til. For denne regjeringa er det også viktig at vi legg til rette for eit seriøst arbeidsliv for dei som jobbar i transportsektoren. På denne turen ser eg fram til å besøke både prosjekt og verksemder som jobbar aktivt for å få ned klimagassutsleppa, møte ferjetilsette, og sjå korleis vi gjennom vedlikehald og fornying tek vare på det vi har, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Pressa er velkomne på alle stoppa.

Program:

Onsdag 26. juni:

10.00: Prosjektbesøk E39 Betna-Stormyra

Statens vegvesen presenterer flytting av myr frå vegprosjektet i Heim kommune og nedlegging av «ny» myr på ein nedlagt skytebane i prosjektet E39 Betna-Stormyra.
Oppmøte: Betna

11.00: Bedriftsbesøk Veidekke Kristiansund

Her lagast verdas første asfalt av hydrogen, som er eit viktig tiltak i arbeidet med å gjere vegbygging grønare.

Oppmøte: Ved Asfaltfabrikken. Her er det krav om påmelding til Veidekke for verneutstyr og oversikt over deltakarar. Dersom du ønsker å delta, kan du kontakte Geir Lange på telefon 90124032 eller e-post: Geir.Lange@veidekke.no

13.30: Prosjektbesøk E39 Lønset-Hjelset

Nygård besøker prosjektet ei veke før opning. Det vil blant anna bli demonstrert bruk av droneteknologi i vegbygging.

Oppmøte: Ved Statens vegvesens rigg på Hjelset.

15.00: Møte med ansatte på Vestnesferja

Samferdselsministeren skal møte tilsette og tillitsvalte i Boreal for å høyre om arbeidsforholda og trakassering av ferjepersonell, og få prøve seg som omborddirigent før ferjeavgang. Møtet vil foregå på MF Tomrefjord i løpet av overfarten, før det blir eit kort stopp på Vestnes-sida.

Oppmøte: Molde ferjekai

17.30: Synfaring ved og møte om Trollstigen

Møre og Romsdal fylkeskommune har bedt om eit møte og synfaring av Trollstigen for å sjå på rasfare, i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Oppmøte: Trollstigen/Åndalsnes. Presse kan kontakte fylkeskommunen dersom det er ønske om å delta.

image11g7g.png

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på sommartur i 2023. Her opnast Madland Hamn. Foto: Kjell Brataas, Samferdselsdepartementet

Torsdag 27.juni

07.00: Raumabanen 100 år

 Samferdselsministeren vil ta Raumabanen frå Åndalsnes til Dombås i regi av Bane NOR og SJ. Jernbanetrekninga har hundreårsmarkering i år.

Oppmøte: Åndalsnes stasjon. Toget går kl. 07.19. Eigen billett må skaffast for dei som ønsker å være med på turen.

09.00: Møte med Onrail om godstog på Raumabanen

Besøk og orientering om godstransport på Raumabanen og andre jernbanestrekningar.  

Oppmøte: Dombås stasjon

13.00: Gjenopning av Liasanden rasteplass, Sognefjellet

Det er invitert til gjenopning av Nasjonal Turistveg Liasanden rasteplass på Sognefjellet.

Oppmøte: Liasanden rasteplass

14.30: Synfaring av arbeidet etter ekstremveret«Hans» på E6 mellom Augla og Randklev bru

Statens vegvesen og Bane NOR gir ei orientering om arbeidet med skadane etter Hans på E6 mellom Augla og Ringebu. Bane NOR vil gi ei orientering om nye Randklev bru.

Oppmøte: Augla

17.00: Besøk av Nye Veiers anlegg på Øyer, besøke elektrisk knuseverk

Nye Veier presenterer arbeidet med E6 mellom Øyer og Storhove, med besøk både i Fåbergtunnelen og på Nye Veiers elektriske knuseverk, samt orientering om nydyrking av areal. Turen vert avslutta med eit møte med LO-koordinatoren på prosjektet.

Oppmøte: Ensby riggområde.

Fredag 28. juni

10.00: Lyttemøte på Norsk Vegmuseum

Samferdselsministeren inviterer sentrale organisasjonar for veteran- og andre entusiastkøyretøy, og bil-/motorsport, til ein uformell samtale på Norsk vegmuseum.

Oppmøte: Norsk vegmuseum.

12.15: Besøk på Hunderfossen 40-år

Samferdselsministeren besøker Hunderfossen familiepark som i år markerer 40 år. Synfaring og orientering om drifta av parken, med vekt på tryggleik. Nygård skal i tillegg markere opninga av ei ny løype i Hunderfossens klatrepark.

Oppmøte: Hunderfossen familiepark

 

Pressekontaktar for turen:

Kommunikasjonsrådgjevar Kristoffer Rød-Lindberg, tlf. 482 50 969, e-post: krmr@sd.dep.no

Kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen, tlf. 905 11 667, e-post: edvard-n.andersen@sd.dep.no