Presseinvitasjon: Statsråd Gjelsvik besøker Sogndal og Vik
Pressemelding | Dato: 31.05.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Sogndal og Vik kommune 2. juni. Her skal han mellom anna delta på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar og møte unge som vel å satse i distrikta.
Presse er velkommen.
Program:
Sogndal:
10.00-10.30: Deltaking på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Vik:
12.00-12.45: Omvising og prat om vidare utvikling på Vik fengsel
12.45-13.15: Omvising nytt helse- og omsorgssenter
13.15-13.30: Besøk til kommunehuset
Balestrand:
14.30-16.30: Rundtur i Balestrand
- Kvardagen til ein ung lege i spesialisering i allmennmedisin i distrikta – møte med Heidi Eilifsen
- Møte med Randi Aamot som har starta privat tannklinikk
- Sogndal kommune vil fortelje om utviklinga av «det nye kommunehuset» i Balestrand og kva kommunen gjer for å møte innbyggarane på best mogleg måte.
- Kviknes Hotel om potensialet for heilårsturisme
- Besøk til Balestrand Hotel – tema: kva skal til for å få ungdommen heim?