Presseinvitasjon: Statsråden besøker Ullensvang og Eidfjord
Pressemelding | Dato: 14.04.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Måndag 17. april besøker kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) Odda, Kinsarvik og Øvre Eidfjord.
Departementet har nyleg vedteke endringar i byggereglane som legg til rette for trygg utvikling av lokalsamfunn som kan bli råka av fjellskred og flodbølge. Det er behov for fleire endringar som gjer det mogleg å ta heile landet i bruk, på ein trygg måte. Regjeringa har derfor sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på regelverket for naturfarar og korleis ein skal ta omsyn til framtidige klimaendringar. Eit tema for besøket er å få innspel til arbeidet som no er i gang.
Program:
10.45-12.00: Statsråden besøker verksemda Boliden
- Stad: Eitremsneset, Odda
14.00-14.45: Statsråden besøker Kartverket
- Stad: Sandvikevegen 9, Kinsarvik
15.30: Statsråden besøker Norsk Natursenter Hardanger
- Stad: Sæbøtunet 11, Øvre Eidfjord
Pressekontakt:
Ingrid Nikoline Sand, politisk rådgivar, mobil: 468 98 955
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22242500