Pressekonferanse for barn om korona

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Måndag vart det varsla nye nasjonale tiltak for å avgrense koronasmitta og mange barn har spørsmål om korona før jul. Statsminister Jonas Gahr Støre, barne- og familieminister Kjersti Toppe, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og kunnskapsminister Tonje Brenna inviterer derfor til pressekonferanse for barn.

Nett-tv Pressekonferanse for barn om korona

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Sendinga lagast i samarbeid med NRK Super. Andre barnemedia er også invitert. Pressekonferansen er ikkje open for journalistar i vaksen-media.

Stad:              Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Tidspunkt:     Onsdag 15. desember klokka 17:00

Fint om dei som skal delta sender e-post til smkinfo@smk.dep.no Oppmøte for presse kl. 16.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekonferansen vert sendt direkte på www.regjeringa.no og er tilgjengeleg dersom fleire ønskjer å sende den. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanlig publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Dei kan nå kontaktperson for dette på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Bilete til fri bruk vert i etterkant publisert på Flickr.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontakt er politisk rådgivar Kjetil Vevle, telefon 48 40 85 98, e-post kve@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgiver Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.