Pressekonferanse for barn om Ukraina

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Tonje Brenna inviterer til pressekonferanse for barn. Tema er krigen i Ukraina og ukrainske flyktningar som kjem til Noreg. Pressekonferansen er for journalistar i barne-media og ikkje open for journalistar frå vaksen-media.

Nett-tv Pressekonferanse for barn om Ukraina

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Stad: Riddervoldsgate 2
Tidspunkt: Onsdag 20. april klokka 12:00

Vi ber dei som skal delta om å sende ein e-post til ibm@smk.dep.no. Oppmøte for presse er frå klokka 11:15. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekonferansen vert sendt direkte på www.regjeringa.no og er tilgjengeleg dersom fleire ønskjer å sende den. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanlig publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Dei kan nå kontaktperson for dette på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Bilete til fri bruk vert i etterkant publisert på Flickr.

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin B. Andersson, telefon 99 36 31 18, e-post maan@kd.dep.no.