Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Pressekonferanse om koronasituasjonen onsdag 28. juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

Pressekonferanse om koronasituasjonen onsdag 28. juli kl. 12.15 med helse- og omsorgsminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og assisterande direktør i Folkehelseinstituttet, Gun Peggy Strømstad Knudsen.

Nett-tv Pressekonferanse om koronasituasjonen onsdag 28. juli

Se sendingen her

Se sendingen her

Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18. 

Oppmøtetid: onsdag 28. juli kl. 12.00. Ta med gyldig pressekort og ID. Det er ikkje nødvendig med påmelding på førehand.  

Presse som ikkje har høve til å møte, eller som ikkje ønsker å komme på grunn av smittefare, kan sende spørsmål til info@hod.dep.no. Skriv "PK korona" i emnefeltet. Spørsmåla må vere sende innan kl 12.25 onsdag 28. juli. Avsendaradressa må vere registrert hos eit mediehus, eller ein må oppgi frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilte i pressekonferansen. 

Om sendinga

Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette kan ein nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no

Presse som ynskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/wb4ddwkl/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing

Fleire omfattande tiltak er innførte for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Departementa har også innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Viss oppmøtet er større enn den reduserte kapasiteten til lokalet, kan pressa bli beden om å følge pressekonferansen digitalt.

Folkehelseinstituttet si nettside har meir informasjon om smittevern