Pressekonferanse om koronasituasjonen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 152/20 | Dato: 04.11.2020
Statsminister Erna Solberg inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen i Marmorhallen torsdag 5. november om lag kl. 11.45.
Pressekonferanse om koronasituasjonen
Sjå sendinga her
Andre språkversjoner:
Watch press conference - English audio
Sjå sendinga her
Polsk: Obejrzyj konferencję prasową po polsku
Sjå sendinga her
Arabisk: شاهد المؤتمر الصحفي باللغة العربية
Sjå sendinga her
Urdu: اردو میں پریس کانفرنس دیکھیں
Sjå sendinga her
Statsministeren gjer greie for handteringa av koronapandemien i Stortinget torsdag 5. november kl. 10.00.
Utgreiinga og debatten i Stortinget er forventa å vare til om lag kl. 11.30. Rett etter utgreiinga, tentativt kl. 11.45, inviterer statsminister Erna Solberg til pressekonferanse om koronasituasjonen i Marmorhallen. Statsministeren vil altså ikkje vere tilgjengeleg for presse i Vandrehallen i Stortinget i etterkant av utgreiinga.
Helse- og omsorgsminister Bent Høie, direktør i Helsedirektoratet Bjørn Guldvog og direktør ved Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg, vil òg vere til stades på pressekonferansen.
Tidspunkt: Torsdag 5. november tentativt kl. 11.45.
Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Oppmøte for presse seinast kl. 11.30. Ta med gyldig pressekort og ID. Me har avgrensa tal på plassar til pressa og ber kvar redaksjon om å halde talet på deltakarar på eit minimum. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.
Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.
Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, telefon 91 39 56 08, e-post nina.husom@hod.dep.no.