Historisk arkiv

Pressekonferanse om opptaket til høgare utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Fredag 24. juli presenterer statsråd for forsking og høgare utdanning Henrik Asheim opptaket til høgare utdanning saman med Samordna opptak på OsloMet.

I år var det rekordmange søkjarar til universitet og høgskular. Kor mange av dei kom inn på draumestudiet? Kva utdanning vil flest inn på, kor har det auka mest, og kva studium har høgast poengkrav for å komme inn? Korleis har utbrotet av korona påverka studievala til studentane?

Pressa er velkommen til ein presentasjon av nasjonale tal for opptak og fordeling av studieplassar. Fleire utdanningsinstitusjonar vil kommentere tala, og det vil vere studentar frå aktuelle utdanningar til stades.

  • Tid: Fredag 24. juli kl.10.00 – 11.30.
  • Stad: OsloMet, Pilestredet 52, Oslo.

Program

Kl.10.00 – 10.35

  • Samordna opptak i Unit, ved direktør for utdanningstenester, Terje Mørland, presenterer tala
  • Statsråd Henrik Asheim kommenterer tala
  • OsloMet ved prorektor for utdanning, Nina Waaler, kommenterer sitt studentopptak
  • Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet ved rektor Anne Husebekk, kommenterer sitt studentopptak
  • Høgskulen på Vestlandet ved rektor Berit Rokne, kommenterer sitt studentopptak
  • NMBU ved prorektor for utdanning Solve Sæbø, kommenterer sitt studentopptak.

Kl.10.35 – 11.30.

Høve til å intervjue statsråden, rektorar/prorektorar og nye studentar.

Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgjevar Johanne Severinsen, johanne.severinsen@kd.dep.no. 91 11 48 68

Nett-tv Pressekonferanse om opptaket til høgare utdanning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her