Pressekonferanse om søkartala til høgare utdanning
Pressemelding | Dato: 25.04.2022 | Kunnskapsdepartementet
Onsdag 27. april presenterer forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og Samordna opptak søkartala til universitet, høgskular og fagskular.
Tid: Onsdag 27. april Kl. 11.00 – 12.00. (Oppmøte kl.10.45)
Stad: Universitetet i Stavanger, Ellen og Axel Lunds hus, auditorium 317. 4021 Stavanger
Presse som ikkje har høve til å møte kan følge pressekonferansen her:
https://uis.cloud.panopto.eu/Panopto/Pages/Viewer.aspx?id=e67e5d11-99af-4808-987d-ae8200c63b16
Fristen for å søke var 20. april, og onsdag blir det kjent kva slags trendar vi ser blant søkarane i år. Er det til dømes fleire eller færre søkarar enn i fjor? Og kva for utdanningsområde har størst vekst, og kva for utdanningsområde har størst nedgang?
Pressekonferansen er på Universitetet i Stavanger. Direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, vil presentere søkartala og fortelje om dei store linjene. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vil kommentere søkartala og svare på spørsmål.
Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue statsråden og Skule. Fungerande rektor ved UiS, Merete Vadla, vil også vere til stades.
Kontaktperson for spørsmål og påmelding: kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Tuva Gaarder Nordlie: 93668715 eller e-post: tgn@kd.dep.no.