Bli med på opent møte om berekraftig forbruk
Pressemelding | Dato: 06.12.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
10. desember kl. 17.00 kan alle bli med på ei open, digital samling med folkepanelet for berekraftig forbruk.
— Dette er ei unik moglegheit til å kome med innspel til korleis vi kan redusere forbruket vårt. Folk rundt omkring i landet veit best kor skoen trykker, og eg håpar så mange som mogleg blir med, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
Under samlinga vil medlemene i folkepanelet presentere arbeidet sitt. Alle som deltek vil få moglegheit til å stille spørsmål og gi innspel undervegs.
Program og påmelding til den opne digitale samlinga på Zoom finn du her.
Medlemene i folkepanelet har så langt møttest to gonger. Dei har fått ei felles forståing av oppdraget, har blitt betre kjende og lært om temaet berekraftig forbruk gjennom faglege innlegg og diskusjonar.
— Folkepanel er ein ny måte å involvere folk på når vi utformar politikk. For å redusere forbruket må alle bidra, og eg ser fram til å få gode råd og tilrådingar frå folkepanelet, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
Om folkepanelet
I september fekk 40 000 innbyggjarar ein SMS med invitasjon om å delta i landets første nasjonale folkepanel. Panelet består av 62 personar frå heile Noreg og speglar befolkninga når det gjeld kjønn, alder, geografi, utdanningsnivå og til dels haldningar til berekraft.
Medlemene skal lære om temaet berekraftig forbruk og utforme råd som skal overleverast til regjeringa i februar neste år. Innspela vil bli ein viktig del av arbeidet med regjeringa si stortingsmelding om berekraftmåla som skal leggjast fram våren 2025.
OECDs tilrådningar for innbyggerinvolvering og folkepaneler ligg til grunn for arbeidet til folkepanelet. Prosjektet blir leia av selskapet SoCentral, og dei har med seg We Do Democracy i gjennomføringa.
Les mer om formålet, metoden og tidslinjen for folkepanelets arbeid her: Nasjonalt folkepanel om bærekraftig forbruk