Presseinvitasjon

Pressetreff om busetjing av flyktninger i 2024

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna er tilgjengeleg for pressa for å informera om behovet for å busetja flyktningar i 2024 og svara på spørsmål.

Direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Libe Rieber-Mohn er til stades saman med statsråden for å svara på spørsmål.

Høge ankomstar av flyktningar til Noreg tyder på at det blir behov for å busetja mange flyktningar også i 2024. 10. november er det klart kor mange det er forventa at norske kommunar buset, og korleis fordelinga blir.

Tid: Fredag 10.november, klokka 09.45
Stad: Akersgata 64, Oslo (Arbeids- og inkluderingsdepartementet). Ta med gyldig pressekort/id

Pressetreffet blir ikkje strøyma. Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressemøtet kan ta kontakt for telefonintervju dersom det er tid.

Pressekontaktar:

For arbeids- og inkluderingsministeren:

Kommunikasjonsrådgjevar Jonas Unstad, mobil 479 35 382, jonas.unstad@aid.dep.no

 

For Direktør i IMDi:

Kommunikasjonsrådgjevar Anders Bortne, mobil 95 76 77 94, anbo@imdi.no