Ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering:
Prioriterer arbeidsliv og ungdom
Pressemelding | Dato: 23.11.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
I handlingsplanen mot rasisme og diskriminering legg regjeringa særleg vekt på rasisme og diskriminering på vegen inn og opp i arbeidslivet, på ungdomsarenaer og på lokalt arbeid.
– Når rasisme og diskriminering får råde, blir levekåra dårlegare, sjansane for jobb færre, helsa svakare og skulegangen mangelfull. I ytterste konsekvens kan rasisme og hat ta liv. Det har vi også sett i Noreg. Med den nye handlingsplanen jobbar vi mot målet om eit samfunn med sterkare fellesskap og like høve for alle, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Handlingsplanen mot rasisme og diskriminering er heile regjeringa sin handlingsplan. Ni departement er med i planen. I dei 50 tiltaka satsar regjeringa mest på tiltak innan arbeidslivet, stader der ungdommar er, og på lokal innsats.
Arbeidslivet
Rasisme og diskriminering foregår på vegen inn og opp i arbeidslivet. Derfor vektlegg handlingsplanen tiltak for å forebygge dette, blant anna ved å bistå arbeidsgjevarar. Blant anna blir det ein kampanje med partane i arbeidslivet som skal rettast inn mot bevisstgjering av arbeidsgjevarar.
– Dessverre er det slik at det framleis er ei ulempe å søke jobb med eit utanlandsk-klingande namn, seier arbeids- og inkluderingsministeren. Vi må også få opp organisasjonsgraden blant innvandrarar slik at fleire kan melde frå dersom dei blir utsette for rasisme og diskriminering på arbeidsplassane sine.
Ungdom
– Når du opplever rasisme eller diskriminering, er det viktig at nokon høyrer på deg, og trur på det du fortel. Det har vi fått mange innspel om. Regjeringa vil at barn og unge som blir utsette for rasisme og diskriminering veit kor dei kan få hjelp, og at dei har fleire stader å gå, seier Brenna.
Mangfaldsrådgjevarar på skular skal gi råd og rettleiing til elevar som er utsette for rasisme og diskriminering. Regjeringa styrker det forebyggande arbeidet mot mobbing og krenkingar, og legg til rette for eit meir inkluderande skulemiljø for alle. Ung.no skal styrke rettleiingsarbeidet sitt om rasisme og diskriminering.
Lokal innsats
Mange kommunar arbeider godt mot rasisme og diskriminering. Fleire kommunar har handlingsplanar, lågterskeltilbod og informasjon. Men vi veit at det er store forskjellar mellom kommunane. Derfor er det fleire tiltak i handlingsplanen som støtter opp om arbeidet i kommunane med pengar og rettleiing – og at kommunane skal lære av kvarandre.
Kontinuerlig og langvarig innsats
Arbeidet mot rasisme og diskriminering krev langvarig og kontinuerlig innsats. Mange skal gjere jobben saman.
Det finnst lover mot diskriminering, og det er eit handhevingsapparat på plass. Samtidig er det mange som ikkje veit kva dei skal gjera når dei blir utsette for rasisme og diskriminering. Dette skal fylgjast opp i planen blant anna ved å gå gjennom handhevingsapparatet.
I arbeidet med planen har ei rekke aktørar kome med innspel til utfordringar og tiltak: KS, partane i arbeidslivet, frivillige organisasjonar, IMDis ungdomspanel, forskarar, enkeltpersonar, Sametinget og relevante styresmakter.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i samarbeid med IMDi og Bufdir arrangert innspelsmøter i Bergen, Haugesund, Hamar, Karasjok Kristiansand, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Døme på tiltak
I arbeidslivet:
- Kampanje mot diskriminering retta inn mot arbeidsgjevarar
- Fleire innvandrarar i fagorganisasjonar
- Utvikle indikatorar for etnisk mangfold i arbeidslivet
- Ny forskning om innvandrarar i arbeidslivet
- Meir kunnskap om korleis trakassering, rasisme og diskriminering i arbeidslivet kan fylgjast opp
For ungdom:
- Styrke arbeidet med å utvikle trygge og gode skulemiljø
- Mangfoldsrådgjevarar skal gi råd og rettleiing til elevar som er utsette for rasisme og diskriminering
- Styrke arbeidet mot rasisme på ung.no
- Tiltak mot diskriminering på leigemarknaden
- Kartlegge omfanget av direkte og indirekte diskriminering i utlånspraksisen til bankane
Lokalt:
- Tilskot og rettleiing om kommunalt arbeid mot rasisme og diskriminering
- Regionale samlingar for erfaringsutveksling og kompetanseheving
- Årleg konferanse mot rasisme, for nasjonalt og lokalt nivå.
I tillegg varslar også regjeringa at arbeidet mot rasisme og diskriminering skal styrkast. I åra som kjem skal det leggjast fram ein eigen handlingsplan mot samehets. Det skal også lagast nye handlingsplanar mot anitsemittisme, og mot hat og diskriminiering av muslimar.