Se opptak:

Næringsministeren inviterte til daglegvareseminar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fredag 15. desember inviterer næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til opent seminar om daglegvaremarknaden. Seminaret samlar viktige aktørar i bransjen, og handlar om korleis regjeringa følger opp 10-punktsplanen for betre utval og lågare prisar i matbutikken.

Nett-tv Dagligvareseminar

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Seminaret finn stad på Deichman Bjørvika i Oslo, og er opent for alle interesserte. Dørene opnar klokka 08.00, og det blir servert frukost for dei som kjem tidleg. Seminaret blir strøyma på nett-tv her.

Seminaret har to delar. I første del vil næringsministeren gi ei oppdatering og fortelje om korleis regjeringa følger opp arbeidet med 10-punktsplanen. Konkurransetilsynet og Dagligvaretilsynet vil så fortelje om arbeidet deira overfor daglegvarebransjen.

Del to vil omhandle kjedene sine eigne merkevarer (EMV) og vertikal integrasjon. Samfunnsøkonomisk Analyse (SØA) vil presentere rapportane sine, og ein fagekspert vil halde innlegg. Så blir det lagt til rette for at utvalde aktørar i bransjen held innlegg. Det opnast også for spørsmål frå salen.

Påmelding

Seminaret er fullteikna, men du kan framleis sjå seminaret på nett-tv. Det er ikkje nødvendig å melde seg på. 

Presse som vil delta kan sende ein e-post til ebr@nfd.dep.no

Program

Dato: Fredag 15. desember
Tid: Kl 08.00-11.30 (programstart kl 08.30)
Sted: Deichmansalen i Deichman Bjørvika
Anne-Cath. Vestlys plass 1, Oslo

Kl 8.00–8.30

Frukost med lett servering

Kl 8.30–8.45

Innleiing frå næringsminister Jan Christian Vestre

Kl 8.45–9.05

Konkurransetilsynet

Kl 9.05–9.15

Dagligvaretilsynet

Kl 9.15–9.25

Pause

 

TEMA: EIGNE MERKEVARER OG VERTIKAL INTEGRASJON

Kl 9.25–9.45

Innleiing frå Samfunnsøkonomisk Analyse

Kl 9.45–10.00

Innlegg frå Alexander Schjøll, forskningsleiar, SIFO

KL 10.00–10.05

Spørsmålsrunde

KL 10.05–10.15

Pause

KL 10.15–11.25  

Innlegg frå bransjeaktørar etterfølgt av spørsmålsrunde

  1. DLF
  2. Virke
  3. Nortura
  4. NHO Service og Handel
  5. Norges Bondelag
  6. Forbrukerrådet

Kl 11.25–11.30

Avsluttande innlegg frå statsråd Vestre

KL 11.30–11.45

Pressetid

 

Handelsaktørane sine eigne merkevarer (EMV) er produkt med varemerke som er eigde av handelsaktørar med detaljistsal, og som hovudsakleg blir selde gjennom handelsaktørane sine eigne utsalsstader. 

(Kartlegging av egne merkevarer og vertikal integrasjon i dagligvaremarkedet. 2023. Kapittel 3.)

Vertikal integrasjon vil seie at ein aktør driv verksemd på fleire ledd i ei verdikjede. Dette er ei av dei sterkaste formene for vertikale bindingar, og inneber at uavhengige einingar på ulike verdikjedeledd blir del av same eining, som til dømes ved at ei daglegvaregruppering kjøper opp ei leverandørbedrift. 

(Kjøpermakt i daglgivaresektoren. 2013. Kapittel 2.)

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida