Presseinvitasjon: Nyopning av Ila fengsel
Pressemelding | Nr: 43 – 2023 | Dato: 15.05.2023 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl og statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ole Henrik Krat Bjørkholt deltek på den offisielle nyopninga av Ila fengsel tysdag 23. mai klokka 1100.
Ila fengsel har vore stengd i eitt år grunna omfattande rehabilitering. Tysdag 23. mai er det offisiell opning av fengselet og den nye NFFA-avdelinga (Nasjonal forsterka felleskapsavdeling). Dette er ei avdeling for innsette med alvorlege psykiske lidingar. Avdelinga er bemanna med tilsette frå kriminalomsorga og med helsepersonell frå regional tryggingsseksjon på Dikemark.
På opninga deltek også leiar for Ila fengsel Tonje Sandal, direktør for Kriminalomsorgsdirektoratet Lise Sannerud, assisterande byggherredirektør i Statsbygg Kristin Fevang og leiar for regional tryggingsseksjon på Dikemark Pia Wiik.
Tid: Tysdag 23. mai kl. 11.00-12.30
Stad: Ila fengsel og forvaringsanstalt, Jøssingveien 33, 1359 Eiksmarka
Påmelding og pressekontakt: Påmelding innan klokka 09.00 fredag 19. mai til Camilla Fosse, mail: camilla.fosse@jd.dep.no, tlf: 92041038. Avgrensa antal plassar.
Presse som ynskjer å delta på opninga må på førehand fylje ut skjema for besøk i fengsel. Vær merksam på at det ikkje er høve å ta med mobiltelefon inn i fengselet.