Priv. til red.: Samferdselsministeren tilgjengeleg på Teams og i Vestland og Møre og Romsdal på budsjettdagen

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er i Vestland og Møre og Romsdal på budsjettdagen. I tillegg inviterer han journalistar til eit pressetreff på Teams kl. 13.30, der Nygård gir ein kort presentasjon av budsjettet og moglegheit for å stille spørsmål. Journalistar må melde seg på til pressetreffet.

Torsdag 6. oktober blir regjeringas forslag til statsbudsjett for 2023 lagt fram. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård vil vere tilgjengeleg for pressa.

Teams-pressekonferanse

Statsråden inviterer journalistar til ein kort gjennomgang av samferdselsbudsjettet 2023 på Teams kl. 13.30, med moglegheit for å stille spørsmål i etterkant. Dei som ønsker å delta på dette pressetreffet, må melde sin interesse til kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen innan kl. 12:00 torsdag 6. oktober på mail: henrik.jonassen@sd.dep.no. Det blir sendt ut Teams-lenke i samband med påmelding.

Til stades i Vestland og Møre og Romsdal

I tillegg vil statsråden vere tilgjengeleg for pressa på tre stader denne dagen. Ta kontakt med pressekontaktane for ønske om intervju.

Kl. 10:00 i Sogndal.

Kl. 15:15 i Sandane.

Kl. 16:30 i Volda.

Kontaktpersonar for dagen:

Kommunikasjonsrådgjevar Tor Livius Midtbø: tor-livius.midtbo@sd.dep.no / 906 06 919

Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: henrik.jonassen@sd.dep.no / 976 28 091

For ordinær kontakt med og spørsmål til Samferdselsdepartementet, kontakt pressevakt: sdinfo@sd.dep.no / 919 14 777