Forskings- og høgare utdanningsministerens tale på Profesjonskonferansen 2024
Tale/innlegg | Dato: 28.11.2024 | Kunnskapsdepartementet
Av: Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (Tale på Senter for profesjonsforsking (SPS) sin konferanse 28. november 2024)
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel heldt opningsinnlegget då OsloMets Senter for profesjonsforsking markerte 25 års verksemd med ein jubileumskonferanse.
Kjære alle saman,
Hjarteleg takk for invitasjonen! Eg vil fyrst gratulere OsloMet og Senter for profesjonsforsking med det doble jubileet. Det er ei glede å få vere her og snakke om profesjonane og profesjonsutdanninganes rolle: i går, i dag og i morgon.
Eg vil gi honnør til Senter for profesjonsforsking (SPS) for det historiske perspektivet på årets konferanse. Vi treng å sjå på dei stor historiske linjene, og vi treng å diskutere dei saman, for å stake ut vegen vidare.
Eg har blitt utfordra til å heve blikket og tenke høgt og fritt om profesjonanes rolle i velferdsstaten, og i framtida. De får ikkje dei sprekaste spekulasjonane om framtida frå ein statsråd, men eg skal forsøke å møte utfordringa.
*
La meg starte med å stille det store politiske spørsmålet: Kva gjer eit godt samfunn til eit godt samfunn? Eg vil seie at ein viktig del av svaret på det spørsmålet, handlar om velferdstenestene våre. Eit godt samfunn, meiner eg, er kjenneteikna av høg kvalitet på velferdstenestene – og at desse er tilgjengeleg for heile befolkninga. Uansett kven du er, kor du bur eller kor du kjem frå.
Her, ved OsloMet, blir det utdanna folk til nokre av dei viktigaste yrka vi har i velferdssamfunnet vårt – her finn vi grunnutdanninga til profesjonar som sjukepleiarar, lærarar og sosialarbeidarar. Det som skjer her, er med andre ord utruleg viktig for framtida vår!
For vi lever i dag i eit samfunn med store endringar. Vi skal gjennom ein storstilt grøn og digital omstilling. I tillegg blir vi stadig fleire eldre, og færre i arbeidsfør alder.
Behovet for helsetenester aukar, samstundes som ein manglar både folk og kompetanse – spesielt i distrikta.
Det blei tydeleg demonstrert i ei stor gjennomgang i VG for nokre veker sidan. VG sumerar situasjonen i kommunane slik, før eldrebølga verkeleg slår inn: Det finnes ikkje nok leger. Det finnes ikkje nok sjukepleiarar. Det finnes ikkje nok helsefagarbeidarar. Det finnes ikkje nok pengar.
I eit samfunn med store utfordringar, er profesjonar som sjukepleiarar, lærarar og sosialarbeidarar, ei trygg hamn. Desse profesjonane skal klare å handtere nokre behov som aldri endrar seg. Nemleg dei menneskelege behova for å vere frisk, trygg, å bli sett og lære. Men dei må klare å gjere det i eit samfunn i rask endring. Korleis skal vi møte dei utfordringane vi står framfor?
Dette er eit samarbeid – mellom de, fagmiljøa – og oss, politikarar og departementet.
Fagmiljøa gir profesjonane den ekspertisen som gir profesjonen sin identitet. De er derfor i ein utmerka posisjon til å forme framtidas profesjonar. Samstundes må vi, politikarane, skape gode rammer for at profesjonane kan svare på samfunnsutfordringane på best mogleg måte.
*
Først litt om kva vi politikarane har gjort for å få til nett det.
Regjeringa la i vår fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane. I korte trekk er målet for meldinga å legge til rette for høg kvalitet og god kapasitet i profesjonsutdanningane.
Det har skjedd en rekke endringar i universitets- og høgskulesektoren dei siste tiåra, som gjorde det på høg tid at vi så nærmare på profesjonsutdanningane.
Om vi går 60 år tilbake i tid var få av dagens profesjonsutdanningar ein del av vårt system for høgare utdanning. Medan teologi, medisin og juss var blant dei opphavelege universitetsutdanningane, kom dei fleste av profesjonsutdanningane inn i høgare utdanning med utviklinga av det regionale høgskulesystemet frå 1970-talet og utover.
Overgangen til høgare utdanning kopla profesjonsutdanningane til forsking og det kom sterkare teoretiske innslag i utdanningane. Dette utviklingstrekket har blitt forsterka gjennom fleire reformar:
- Høgskulereforma på 90-talet samla utdanningane på færre institusjonar og gjorde skilnadene mellom universitet og høgskular mindre. Dei fekk felles lov og finansieringsmodell. I den nye UH-loven blei det mellom anna slått fast at forsking var blant oppgåvene til høgskulane.
- Med kvalitetsreforma fekk universiteta og høgskulane ei felles gradstruktur. NOKUT blei òg oppretta, og i den samanheng fekk høgskulane eit høve til å bli universitet på visse akkreditteringsvilkår.
- Vidare inn mot vår tid sørga strukturreforma for ei samanslåing av høgskular og universitet, noko som har viska ut skilnaden mellom institusjonane ytterlegare.
Ein konsekvens av alle desse endringane er at profesjonsutdanningane i større og større grad har blitt underlagt reglane og forventningane til reint forskingsbaserte utdanningar, og at dei jobbar mot dei same måla som tradisjonelle universitetsutdanningar.
I profesjonsmeldinga problematiserer regjeringa denne utviklinga. Det betyr ikkje at den tar mål av seg å snu alt på hovudet. Profesjonsutdanningane er alle høgare utdanningar. Det betyr at dei skal vere forskingsbaserte, og dette står fast.
Samstundes er det viktig å hugse at profesjonsutdanningane skal utruste studentane med praktiske ferdigheiter til å utføre konkrete oppgåver. Skal ein lære å sykle nyttar det lite å lese seg opp på gravitasjonsteori og fysikkens prinsipp, ein må trene og ein må få rettleiing av nokon med erfaring. Sånn er det også, trur vi, med fleire av oppgåvene som profesjonsutdanningane gir kompetanse i.
I Danmark har dei halde fast på eit todelt system, med profesjonshøgskular og universitet kvar for seg, kor profesjonshøgskulane i liten grad driv med forsking. Vi skal ikkje tilbake til eit slikt system. Men det er rom for å styrke praksisnærleiken og den erfaringsbaserte kunnskapen i det systemet vi har.
Eit av måla for profesjonsmeldinga var difor å styrke erfaringskunnskapens rolle, og å sikre god samanheng mellom den forskingsbaserte og den erfaringsbaserte kunnskapen.
Vi må, kort sagt, sikre profesjonsutdanninganes styrker og eigenart innanfor eit nytt universitets- og høgskulelandskap. Eit døme på korleis vi vil nå målet er å styrke partnarskapa mellom utdanningsinstitusjonane og praksisfelta. Vi ønsker også å opne opp for at fleire med erfaring frå praksisfelta kan undervise morgondagens lærarar og helsepersonell, til dømes gjennom delte stillingar mellom praksisfelt og utdanningsinstitusjon.
Eg vil nytte høve til å innrømme at profesjonsmeldinga kunne vore meir nyansert på korleis denne utfordringa treff ulike utdanningar. I sjukepleiarutdanninga er det til dømes såpass mykje praksisundervisning og simuleringstrening at erfaringskunnskapen er godt vareteken, medan lærarutdanningane står i ein annan situasjonen.
*
Og apropos sjukepleiar- og lærarutdanningane.
Det er også eit stort behov for setje alle klutar til for å auke rekrutteringa til desse utdanningane. Derfor gjekk regjeringa inn for å fjerne karakterkrava på sjukepleiarstudiet. I tillegg har institusjonar no hatt moglegheit til å søke om dispensasjon for karakterkrava på lærarstudiet. No ser vi allereie at dette har hatt gode resultat. Vi har aldri hatt fleire nye sjukepleiarstudentar enn i år, og vi har snudd den negative utviklinga vi har sett i grunnskulelærarutdanningane dei siste åra.
I profesjonsmeldinga har vi også tatt fleire grep som retter seg spesifikt mot rekrutteringa til lærarutdanninga. Vi har mellom anna sørga for at dei med erfaring frå læraryrket raskare kan utdanne seg til lærarar gjennom PPU.
*
Eit anna sentralt mål for profesjonsmeldinga er å legge til rette for ei meir overordna, mindre detaljert styring av profesjonsutdanningane.
Rammeplanstyringa bidrar til likeverdige utdanningar og velferdstenester over heile landet. Samstundes er fleire av dem for detaljerte.
Senter for profesjonsforsking stod for både leiaren og sekretariatet for ekspertgruppa som i sommar leverte sin rapport om korleis rammeplanstyringa kan bli gjort meir overordna. Vi set pris på det grundige arbeidet som er lagt i rapporten – departementet er i gang med å følgje han opp.
Meir overordna styring vil styrke den faglege fridommen i profesjonsutdanningane. Dette, trur eg, vil sette profesjonsutdanningane i ei betre posisjon til å forme framtidas profesjonar.
*
Profesjonsmeldinga handlar om både fortida, nåtida og framtida. Den handlar om å rydde opp i dei endringane som har blitt gjort, og sikre at dagens kart går i hop med dagens terreng.
Kva slags andre grep kan det bli behov for å gjere for å svare på dei samfunnsutfordringane vi står framfor? Kva er profesjonanes rolle i velferdsstaten framover?
Ein ting er sikkert, og det er at profesjonane vil halde fram med å vere meir enn «berre» yrkesgrupper. Dei er òg forvaltarar av ekspertisar som samfunnet har behov for.
Vidare er nokre oppgåver av ein art kor det får særleg uheldige konsekvensar om dei som utfører dem ikkje har ekspertise.
Til dømes er pasienttryggleiken heilt sentral for korleis helseprofesjonane og utdanningane på området er regulerte.
Eg meiner det er klokt at staten regulerer kven som får utføre enkelte oppgåver, slik at berre bestemte profesjonar har tilgang til å utføre dei.
Kompetanseargumentet, om eg kan kalle han det, gir eit overordna rasjonale for profesjonalisering – der bestemde grupper får inngangsbillett til lukka deler av arbeidsmarknaden på grunnlag av utdanninga deira.
Samstundes er det eit opent spørsmål kor mange yrker og utdanningar det er ønskeleg å organisere som profesjonar og profesjonsutdanningar. Alle kompetansebehova kan ikkje fyllast ved hjelp av profesjonsutdanningar. Da blir det vanskeleg å omstille seg når kompetansebehova endrar seg.
Det er òg eit opent spørsmål kor breie eller spesialiserte profesjonane skal vere. Det kan vere behov for auka spesialisering fordi det er naudsynt med høgare kompetanse på visse oppgåver. På den andre sida kan breiare profesjonsutdanningar og profesjonar gi større fleksibilitet.
*
Ein av dei største utfordringane i åra som kjem er kampen om arbeidskrafta og dei auka kompetansebehova. Utfordringa slår sterkare inn for kvart år som går.
Det er eit stort behov for fleire frå helseprofesjonane, ikkje minst sjukepleiarar. Men for å møte utfordringa er det òg sannsynleg at helseprofesjonane må finne nye arbeidsmåtar og nye måtar å dele oppgåvene seg i mellom, slik helsepersonellkommisjonen har peikt på.
Teknologiutviklinga gir på si side stadig nye moglegheiter, og stadig nye utfordringar.
Dette gjeld òg for profesjonsutdanningane. Teknologi kan tvinge fram endringar både i profesjonanes arbeidsmåtar og i deira arbeidsområde.
Det er ikkje mogleg å spå detaljane i teknologiutviklinga før dei slår inn. Det vi veit er at utviklinga gir oss omstillingsbehov, og vil fortsette å gi oss omstillingsbehov, i, mellom og utanfor profesjonane.
Når det gjeld det grøne skiftet, er òg «omstilling» eit nøkkelord. Her er det ikkje berre næringslivet som må omstille seg, vi treng å utvikle miljøvennlege arbeidsmåtar innanfor alle sektorar og alle yrkesgrupper, òg innanfor velferdsprofesjonane.
For å møte alle desse store utfordringane er det eit trekk som går igjen, og det er omstillingsevne. Profesjonane må kunne endre måten dei jobbar på, både for å bli meir effektive og for å møte nye eller endra kompetansebehov.
Profesjonane vil òg kunne oppleve at oppgåver dei tidlegare har hatt monopol på, må delast med andre yrkesgrupper, eller i nokre tilfelle at oppgåvene blir automatisert.
Her må vi treffe ein balanse i dimensjoneringa av det totale utdanningstilbodet, med ei blanding av generalistkompetanse og spesialistkompetanse. Den same balansen må òg treffast innanfor utdanningane.
*
Kjære alle saman,
De som sit her i dag, har ein viktig makt til å forme morgondagens profesjonsutdanningar. For det er altså utdanningane som gir profesjonen sin identitet. Eg vil oppfordre sektoren til å gripe høvet: Utdann omstillingsdyktige og effektive profesjonsutøvarar. Form framtidas profesjonar. Det kan ta oss langt i å handtere både eldrebølga, det digitale teknologiskiftet og det grøne skiftet.
Dei viktige samtalene om framtida startar allereie her i dag – med gode overskrifter for samtale og debatt. Eg ønskjer dykk lykke til med konferansen og eg ser fram til samarbeidet vidare. Takk for meg!
***