Presseinformasjon
Program for FNs tryggingsråd i august
Pressemelding | Dato: 02.08.2022 | Utanriksdepartementet
Arbeidsprogrammet for FNs tryggingsråd i august er klart. Denne månaden vert det mellom anna debatt om berekraftig fred i Afrika, det leggast opp til vedtak av fornya mandat for FN sin fredsbevarande styrke i Libanon (Unifil) og fornya mandat om Mali-sanksjonar.
Det er Kina som har presidentskapet i Tryggingsrådet i august. Sjå heile programmet på nettsida til FN. Det kan kome endringar i programmet.
Program
8. august | Open debatt om fred og tryggleik i Afrika, kapasitetsbygging og berekraftig fred. |
9. august | Orientering om trusselen frå ISIL mot internasjonal fred og tryggleik |
15. august | Orientering og konsultasjonar om Jemen. |
16. august | Møte for land som bidreg med troppar i FNs fredsbevarande styrke i Libanon (Unifil). |
17. august | Konsultasjonar om FNs fredsbevarande styrke i Libanon (Unifil). |
22. august | Orientering om å fremje felles tryggleik gjennom dialog og samarbeid. |
23. august | Orientering om Den internasjonale straffedomstolen (ICC) sitt arbeid i Darfur, Sudan. |
24. august | Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Libya (Unsmil). Orientering og konsultasjonar om sanksjonsregimet for Libya. |
25. august | Orientering og konsultasjonar om den israelsk-palestinske konflikten. |
29. august | Orientering og konsultasjonar om den politiske og humanitære situasjonen i Syria. |
30. august | Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs fredsbevarande styrke i Libanon (Unifil). Planlagt vedtak av fornya mandat for Mali-sanksjonar. Konsultasjonar om kjemiske våpen i Syria. Konsultasjonar om sanksjonsregimet for Nord-Korea (1718-komitéen). |
Korleis dekke møter i Tryggingsrådet
Pressetreff og opne møter går direkte på FNs nett-tv. Video kan du få i etterkant etter avtale. Bilde frå møta finn du på UN Photo / photolibrary@un.org. Du finn innlegg frå Noreg i Tryggingsrådet her.
Pressekontaktar
New York: Mariken Bruusgaard Harbitz, mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, telefon +47 99 09 35 38.
Oslo: Ragnhild H. Simenstad, ragnhild.simenstad@mfa.no, telefon 91 71 74 59