Presseinformasjon
Program for FNs tryggingsråd i november
Pressemelding | Dato: 07.11.2022 | Utanriksdepartementet
Arbeidsprogrammet for FNs tryggingsråd i november er klart. Det vil mellom anna være møter om fredsbygging og kampen mot terror i Afrika, og om maritim sikkerhet. Det er forventa vedtak om fornya mandat for FNs fredsbevarande operasjonar i Den sentralafrikanske republikk og i Abyei.
Det er Ghana som har presidentskapet i Tryggingsrådet i oktober. Sjå heile programmet på nettsida til FN. Det kan kome endringar i programmet.
Program
2. november |
Orientering frå FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi. Debatt om situasjonen i Bosnia-Hercegovina og planlagt vedtak av fornya mandat for EU sin stabiliseringsstyrke (Eufor Althea). |
3. november |
Open debatt om fredsbygging og motstandsdyktighet i FNs fredsoperasjonar. |
4. november |
Val til Den internasjonale domstolen (ICJ), i både Tryggingsrådet og Hovudforsamlinga. |
7. november | Orientering om kjemiske våpen i Syria. |
9. november |
Orientering frå Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) om Libya. |
10. november | Debatt om kontra-terror i Afrika. |
14. november |
Orientering om politiarbeidet i FNs fredbevarande operasjonar. Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs sanksjonsregime for Somalia. Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs fredsbevarande operasjon i Den sentralafrikanske republikk (Minusca). Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs fredsbevarande operasjon i Abyei (Unisfa). |
16. november | Orientering og konsultasjonar om Sahel (G5-styrken). |
21. november | Uformell dialog om den humanitære situasjonen i Syria. |
22. november | Orientering og konsultasjonar om sjørøveri og maritim sikkerhet i Guinabukta. Orientering og konsultasjonar om Jemen. |
28. november |
Orientering og konsultasjonar om den israelsk-palestinske konflikten. Konsultasjonar om Libanon (1701-rapporten). Konsultasjonar om sanksjonsregimet for Nord-Korea (1718-komiteen). |
29. november |
Orientering og konsultasjonar om den politiske og humanitære situasjonen i Syria. |
Korleis dekke møter i Tryggingsrådet
Pressetreff og opne møte går direkte på FNs web-tv. Video kan du få i etterkant etter avtale. Bilete frå møta finn du på UN Photo / photolibrary@un.org. Du finn innlegg frå Noreg i Tryggingsrådet her.
Pressekontakt
New York: Astrid Sehl, astrid.sehl@mfa.no, telefon +1 646 642 9910.
Oslo: Mariken Bruusgaard Harbitz, mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, telefon +47 99 09 35 38.