Psykisk helse er viktig i landbruket og reindrifta

10. oktober er verdsdagen for pyskisk helse, eit tema som òg er viktig i både landbruket og reindrifta.

Rundballer/høyballer på jorde.
Rundballar på eit jorde klare til å hentast inn. Foto: Torbjørn Tandberg

– Bonden og reindriftsutøvaren driv i arbeidsame og tidvis einsame yrke, og det er viktig at me dei siste åra har hatt meir fokus på psykisk helse i næringa. Ein frisk bonde og reindriftsutøvar er viktig for sjølvforsyninga. Derfor er det bra at me kan ha ekstra merksemd retta mot psykisk helse hjå bønder og reindriftsutøvarar i dag, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. Verdsdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje som blir markert i Noreg, men òg ute i verda. Her til lands mobiliserer både organisasjonar og arbeidsplassar for å formidla kunnskap, forståing og openheit om psykisk helse. Det gjeld òg i landbruket og reindrifta.

Dei siste åra har fleire forskarar undersøkt den psykiske helsa til bønder. I HMS-kartlegginga frå 2022 svarte over 9000 bønder. 9 prosent av dei svarte at dei ofte eller av og til har tenkt at dei skulle hatt profesjonell hjelp til å løysa psykiske problem det siste året. Om lag 30 prosent svarte at var uroa over den psykiske helsa til bønder dei kjenner.

Ruralis har saman med HMS-rådgjevarane i reindrifta, kartlagt HMS i reindrifta, under dette psykisk stress. Det kjem fram at reindriftsutøvarar kjenner på psykisk stress i samanheng med beitekriser, tap av rein til rovvilt og tap av areal som følgje av utbygging.

Krisar eller andre belastingar kan kjennast tungt åleine. Som bonde og reindriftsutøvar er både jobb, familie og fritid ofte knytt tett saman. Dei blir også råka av dei same tinga som alle andre, men belastinga kan stundom bli stor når ein både jobbar og bur på same stad. Sjukdom, einsemd og økonomi er alle ting som kan føra til at kvardagen kan kjennast tyngre å bera.

– Eg håpar fleire bønder spør kollegane sine korleis det går, og tek eit kaffibesøk ekstra hos naboen. For å førebygga psykiske problem i størst mogleg grad, bør kunnskap og tiltak ikkje berre vera retta mot bønder og reindriftsutøvarar, men òg mot nettverket rundt.

– Viss ein blir bekymra for at nokon ikkje har det godt, bør ein ta tak  idet. Ein kan spørja personen korleis det går sjølv, eller så kan ein få hjelp av HMS-tenesta til NLR, eller andre aktørar som kan hjelpa.

Norsk Landbruksrådgivning (NLR) har ei HMS-teneste og er knytt til bedriftshelsetenester over heile Noreg. Dei har òg krisebistand. Det er eit gratis lågterskeltilbod, uavhengig av medlemskap. NLR har òg tett samarbeid med andre landbruksorganisasjonar.

Rein på båt.
Pramming av rein. Foto: Statsforvaltaren i Finnmark

For reindrifta er det etablert ei rådgivingsteneste i NLR, med to rådgjevarar. Dei har heile landet som arbeidsområde, men dei er plasserte i Finnmark og Trøndelag. Arbeidsområdet deira er heile landet, men rådgjevarane er plassert i Finnmark og Trøndelag. Rådgjevingstenesta er finansiert under reindriftsavtalen.

NLR får tilskot over jordbruksavtalen. 115 millionar kroner for 2024 og 117 millionar kroner for 2025. Ein del av midlane skal gå til HMS-arbeid, inkludert arbeid med psykisk helse og krisebistand.