Rapport om ein meir effektiv og sirkulær bruk av bioressursane
Nyheit | Dato: 18.01.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet
Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet gav i 2021 Brønnøysundregistera eit oppdrag om å administrere eit prosjekt som skulle utgreie mogelege løysingar som kan bidra til ei betre og meir sirkulær ressursutnytting i bionæringane.
Ei betre og meir sirkulær ressursutnytting er viktig for miljø og verdiskaping, og nødvendig for at vi skal nå klimamåla. Den internasjonale utviklinga viser at det vil kome nye dokumentasjonskrav til berekraft, avfallsrapportering og gjenbruk. Samtidig har mange av dei aktuelle råstoffa i dag så låg verdi at det er utfordrande å få til ei lønnsam utnytting. I rapporten som no foreligg blir det foreslått åtte strategiske grep og i overkant av 50 tiltak for å møte desse utfordringane.
Departementa vil no vurdere korleis tilrådingane skal følgjast opp.
Om prosjektet:
Prosjektet BioDigSirk er ein del av oppfølginga etter Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi. Brønnøysundregistera har administrert prosjektet og sikra ei tett kopling til dei etablerte sektorutviklingssamarbeida innan landbruk og sjømat.
Ein generell køyreregel i prosjektet har vore at næringslivet leier an og offentleg sektor utviklar seg i takt med næringane. Prosjektet har derfor hatt tett dialog og deltaking frå næringsliv, forsking og akademia, der bionæringane har vore invitert til å delta i styringsgruppa, i referansegrupper og som aktive prosjektdeltakarar. Digitaliseringsrådet har kome med råd til prosjektet undervegs. Prosjektet fekk ei bevilling på 5 millionar kroner i 2021 og 5 millionar kroner i 2022.