Statsbudsjettet 2025
Raskare digitalisering av vår felles kulturarv gir 35 nye arbeidsplassar i Mo i Rana og på Tynset
Pressemelding | Nr: 48/24 | Dato: 07.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Vår felles kulturarv ber vitne om kven vi har vore og kven vi er. Ho er heilt sentral for vårt kollektive minne og for identiteten vår. Kulturarven skal vere tilgjengeleg for alle i Noreg, uansett kor dei bur. Derfor ønsker regjeringa 40 millionar kroner til å styrke arbeidet med å digitalisere kulturarv, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Nasjonalbiblioteket og Arkivverket med 20 millionar kroner kvar i 2025. Pengane skal gå til å opprette om lag 20 nye arbeidsplassar i Mo i Rana og opptil 15 nye arbeidsplassar på Tynset. Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana og Norsk helsearkiv på Tynset (Arkivverket) har bygd opp bærekraftige kompetansemiljø for digitalisering av norsk kulturarv.
– Med denne innsatsen vil verdifull kulturarv bli digitalisert og gjort tilgjengeleg i eit raskare tempo. Digitaliseringa er avgjerande for at kulturarvmateriale ikkje skal gå tapt for ettertida, men bli tatt vare på og gjort tilgjengeleg for folk over heile landet. Satsinga bidreg òg til å sikre statlege arbeidsplassar i distrikts-Noreg. Dette er godt nytt for lokalmiljøa på Tynset og i Mo i Rana, seier Jaffery.