Referansegruppe for arbeidet med EUs pakke med regelverk for antikvitvasking

Finansdepartementet satte før jul ned ei arbeidsgruppe for å vurdere norsk gjennomføring av den nye regelverkspakka frå EU om antikvitvasking. No har Finansdepartementet òg satt ned ei referansegruppe med representantar frå privat sektor.

Aktørar frå privat sektor som er, eller vil bli omfatta eller på andre måtar påverka av krav i den nye regelverkspakka, vart før jul inviterte til å melde interesse for å delta i ei referansegruppe. Basert på den interessa som vart meldt inn til departementet, er gruppa no etablert med følgjande aktørar:

  • Advokatforeningen
  • Blomqvist
  • Cefor - The Nordic Association of Marine Insurers
  • Eiendom Norge
  • Finans Norge
  • Fundraising Norge
  • Norges Eiendomsmeglerforbund
  • Norsk Kunst- og antikvitetshandleres forening
  • Norsk Presseforbund
  • Norsk Tipping
  • Regnskap Norge
  • Revisorforeningen
  • Stiftelsen Innsamlingskontrollen
  • Stiftelsen Norsk Rikstoto
  • Verdipapiforetakenes forbund (VPFF)
  • Verdipapirfondenes forening (VFF)
  • Virke

Referansegruppa vil bli involvert direkte av arbeidsgruppa.

Bakgrunn 

EUs nye pakke med regelverk for antikvitvasking består mellom anna av ei forordning om pliktene for privat sektor og eit direktiv om nasjonale myndigheiter sine plikter. Pakka vart vedteken 31. mai 2024. I EU skal reglane i all hovudsak gjelde frå sommaren 2027, med enkelte unntak. Pakka er antatt å vere EØS-relevant, slik som tidlegare regelverk har vore, men det kan ikkje utelukkast at det er delar av pakka som ikkje er EØS-relevant.

Målet med regelverkspakka er å forbetre moglegheita til å oppdage og stoppe mistenkelege transaksjonar og mistenkelege forhold, og å tette hol i eksisterande regelverk som vert utnytta av kriminelle for å kvitvaske ulovlege midlar eller for å finansiere terror gjennom det finansielle systemet. Eit overordna trekk i pakka er mellom anna ynskje om å få eit meir harmonisert regime, med like reglar (i ei forordning framfor direktiv med nasjonal gjennomføring). Samstundes er regelverket skjerpa på visse område, mellom anna med ei utviding av kva aktørar som er underlagt kvitvaskingsregelverket.

Det er òg blitt ei tydelegare kopling mellom kvitvaskingsregelverket og EUs sanksjonsregelverk. Pakka klargjer rammene for register over reelle rettigheitshavarar, herunder korleis og på kva vilkår det kan gjevast tilgang til slike register.