Regionale kulturfond på høyring

Regjeringa sitt forslag om å etablere Regionale kulturfond er vedteke av Stortinget. Målet er auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, og 75 millionar kroner er løyvd til ordninga. No blir utkast til forskrift for ordninga sendt på høyring.

– Vi er opptekne av at folk skal ha tilgang til kunst og kultur der dei bur. Det er stor variasjon i behova rundt om i landet. Vi ønsker difor å gi fylkeskommunane stort handlingsrom i forvaltninga av Regionale kulturfond. No ser vi fram til å få eit regelverk på plass slik at midlane kan lysast ut og gi eit breiare og betre kulturtilbod over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Ordninga skal støtte opp under ansvar og roller fylkeskommunane har på kulturområdet i dag, og skal bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet. Departementet foreslår at tilskotsmidlane skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet.

Utkastet som no blir sendt på høyring er laga etter innspel som departementet allereie har motteke frå ulike delar av kultursektoren, frivillig sektor og kommunesektoren.

Høyringsfristen er 17. mars 2025.

Departementet vil så raskt som mogleg etter svarfristen vurdere høyringssvara og fastsette endeleg forskrift for ordninga, slik at tilskotsmidlane kan utbetalast til fylkeskommunane og lysast ut i kvart enkelt fylke.