Regionvekstavtale med Nordland fylkeskommune om grøn industriutvikling
Pressemelding | Dato: 27.06.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa vil inngå ein regionvekstavtale med Nordland fylkeskommune om eit felles løft for grøn industriutvikling. Avtala er meint å styrkje samarbeidet på tvers av ulike forvaltningsnivå og fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar.
Staten må samarbeide tett med kommunar og fylkeskommunar for å lykkast med den grøne omstillinga. Grøn industriutvikling handlar om tilgang på næringsareal, kompetanse, kraft og mineral, og det set krav til planarbeidet i kommunane. Desse emna er derfor vald ut som innsatsområde i avtala med Nordland.
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) skal signere regionvekstavtala med Nordland fylkeskommune på vegner av regjeringa, innan kort tid.
– Grøn omstilling er viktig for regjeringa og for Noreg si framtid. Omstillinga krev ein ekstra innsats frå fleir, og at vi jobbar enda betre i lag. Det legg vi til rette for i Nordland nå med denne avtalen, seier Sande.
– Eg er glad for at Nordland fylkeskommune har vald grøn industriutvikling som tema for regionvekstavtala. Regjeringa si satsing på å utvikle norsk industri er avhengig av ei felles innsats for å lykkast, både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Denne avtala vil styrkje samarbeidet og legge til rette for lønnsame og attraktive jobbar og økt verdiskaping i Nordland, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Nordland og Rogaland er pilotfylke
Saman med dei to pilotfylka Nordland og Rogaland har departementet utvikla eit avtalekonsept der politisk samråd mellom staten og fylkeskommunen er eit berande element. Målet med regionvekstavtala er å samarbeide om å utvikle og prøve ut nye løysingar.
− Eg har tru på at tettare samhandling mellom staten og fylkeskommunen vil gi betre og meir effektiv oppfølging av måla våre. Begge partar vil hauste lærdom som er viktig i gjennomføringa av eit grønt industriløft, både i pilotfylka og i resten av landet, seier kommunal- og distriktsministeren.
Fylkesrådsleiaren ser fram mot samarbeidet
Fylkesrådsleiar i Nordland, Svein Øyen Eggesvik (Sp), ser fram til å møte departementa til årlege politiske samråd, som grunnlag for målretta arbeid for grøn industriutvikling.
– Regionvekstavtala gir oss høve til å møte politisk leiing i departementa, for å diskutere konkrete flaskehalsar i arbeidet. Slik kan vi saman bidra til å skape nye, grøne arbeidsplassar i Nordland. Potensialet for økonomisk vekst og utvikling er utan tvil stort her, seier han.