Regjeringa aukar støtta til norsk produksjonskapasitet for ammunisjon og missil til om lag éin milliard kroner
Nyheit | Dato: 13.12.2023 | Forsvarsdepartementet
Regjeringa ønsker å styrke produksjonskapasiteten av norsk ammunisjon og missil og aukar den statlege medfinansieringa av ASAP-søknader. – Ukraina har stort behov for artilleriammunisjon og missil i forsvarskampen sin. Støtte til norsk industri gjennom ASAP vil bidra til at vi kan halde fram med denne viktige støtta til Ukraina, samtidig som me bygger opp vår eiga beredskapsevne, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Vestleg forsvarsindustri er kraftig nedbygd og har i dag ei avgrensa produksjonsevne. Kapasiteten er utilstrekkeleg i møte med det store behovet som eksisterer i Ukraina og som er nødvendig for å fylle opp lagera i nasjonane etter omfattande donasjonar til Ukraina. Lagera i Noreg og Vesten må også aukast kraftig i forhold til nivåa før ukrainakrigen.
ASAP, «Act in Support of Ammunition Production», er eit EU-program oppretta for å styrke og auka produksjonskapasiteten for ammunisjon og missil til støtte for donasjonar til Ukraina og etterfylling av eigne lager. Programmet har eit omfang på 500 millionar euro. Norsk deltaking blir finansiert gjennom Nansen-programmet. Regjeringa har tidlegare gått inn med ei støtte til norske verksemder på 500 millionar kroner, denne blir no auka til 950 millionar kroner. I tillegg kjem kontingenten på om lag 190 millionar kroner. Dette gjer me for å støtta opp under dei norske søknadene til ASAP.
– ASAP bidreg til at utvidinga av produksjonskapasitet blir betre koordinerte mellom nasjonane. Vi har fått fleire gode norske prosjektforslag og ønskjer å støtta søknadene deira om ASAP-finansiering, seier Gram.
Regjeringa støttar søknader frå Nammo Raufoss, Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) og Chemring Nobel. Nammo produserer både artilleriammunisjon og rakettmotorar, KDA produserer missil og Chemring Nobel produserer eksplosiv til bruk i ammunisjon.
I februar er det forventa klarheit i kva bedrifter som vinn fram med søknadene sine til EU-programmet ASAP. Med god utteljing i ASAP vil produksjonskapasiteten til norsk forsvarsindustri kunne bli utvida for fleire milliardar kroner.
– Vi jobbar kontinuerleg med ulike måtar å styrkja produksjonskapasiteten, og ASAP er eit av fleire verkemiddel, avsluttar Gram.