Regjeringa bidreg i ei krevjande tid for kommunane
Pressemelding | Dato: 01.11.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til kommunane og fylkeskommunane med fem milliardar kroner i inneverande år og fem milliardar kroner i 2025.
− Mange kommunar og fylkeskommunar er no i ein krevjande situasjon med auka kostnader til mellom anna pleie og omsorg, helse og sosiale tenester. Regjeringa vil bidra slik at kommunane kan fortsetje å yte gode tenester som til mellom anna skule, barnehagar og eldreomsorg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Lågare inntekter og auka utgifter
Ny informasjon at den økonomiske situasjonen i kommunane er meir alvorleg enn vi var kjend med då talgrunnlaget for statsbudsjettet vart utarbeidd. Årsaka er lågare skatteinntekter i år enn venta og auka utgifter. Oppdaterte tall viser lågare skatteinntekter på mellom fem og sju milliardar kroner. I tillegg viser undersøkingar KS har gjort at utgiftene til tenestene i 2024 blir betydeleg høgare enn kommunane har budsjettert med. Det får òg konsekvensar for 2025, om ingenting vert gjort no.
Auke både i år og neste år
På grunn av ein krevjande situasjon for kommunane i 2024, vart det foreslått meir pengar til kommunesektoren i statsbudsjettet enn signalisert i kommuneproposisjonen i mai.
− Utover hausten har vi fått tal som viser at situasjonen er meir alvorleg enn vi la til grunn i budsjettet. Derfor foreslår vi no at kommunane får fem milliardar kroner meir i 2024 og i 2025. Det gir ei varig auke i inntektene til kommunane og fylkeskommunane, seier Sande.
Forslaget om fem milliardar kroner ekstra i inneverande år blir fremja i nysaldert budsjett i november. Pengane for neste år kjem i tillegg til forslaget i statsbudsjettet for 2025.
Regjeringa legg med det opp til ein samla realvekst i frie inntekter i 2025 på 11,8 milliardar kroner. Det gir eit handlingsrom på 8,6 milliardar kroner etter at meirkostnader til demografi og pensjon er dekt.
Det er foreslått å fordele auken på fem milliardar kroner med 4,3 milliardar kroner til kommunane og 700 millionar kroner til fylkeskommunane, både i 2024 og 2025.
Trygg økonomisk styring
− Regjeringa stiller i dag opp for kommunane og for velferdstilbodet til folk. De ekstra midlane kan kommunane bruke slik de ønsker og treng. Dei kan enten trygge og utvikle velferda, eller dei kan betre balansen mellom inntekter og utgifter. Kommunane og fylkeskommunane må framleis ha sterkt fokus på god økonomistyring, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for at budsjetta er i balanse.
− Kommunar og fylkeskommunar må framleis omstille seg for å unngå at utgiftene blir større enn inntektene, og har ansvar for å bruke pengane best mogleg. Forslaget om auka løyvingar frå regjeringa gjer at denne omstillinga ikkje må skje like brått, seier Sande.
Regjeringa forslår at dei auka løyvingane til kommunar og fylke blir finansiert ved å ta ut meir frå Statens pensjonsfond utland. Auka løyving i 2024 bidrar isolert sett til å løfte bruken av fondsmiddel som del av fastlandsøkonomien (trend) i år, frå 10,4 i anslag på rekneskap i nasjonalbudsjettet for 2025 til 10,5 prosent. Auka overføringar i inneverande år vil i liten grad bidra til auka økonomisk aktivitet i år, men bidrar til at sektoren i mindre grad må tære på oppsparte middel. Det gjer sektoren betre i stand til å tilpasse seg endringane over noko tid.
Fondsuttaket neste år aukar isolert sett frå 10,9 til 11,0 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg. Uttaket frå Statens pensjonsfond utland er framleis anslått til 2,5 prosent av anslått fondsverdi ved inngangen til 2025.
− Denne regjeringa gjer tydelege politiske val og førar ein trygg og ansvarleg økonomisk politikk. Med dei auka løyvingane til kommunar og fylke, er vi framleis godt innafor handlingsregelen. Dette er ei justering for å motvirke noko av nedgangen som kan kome i tenestetilbodet i kommunane, seier Sande.