Regjeringa deler ut 122 millionar kroner til opplæring på arbeidsplassen
Pressemelding | Dato: 14.02.2024 | Kunnskapsdepartementet
No får 234 verksemder i heile Noreg pengar til opplæring i lesing, skriving og digitale ferdigheiter gjennom Kompetansepluss-ordninga. Tiltak i Finnmark og Nord-Troms er særleg prioritert i årets tildeling.
Målgruppa for ordninga er arbeidstakarar med låg formell utdanning. Målet er å styrke dei grunnleggande ferdigheitene til vaksne i lesing, skriving, rekning og digitale ferdigheiter, og dessutan opplæring i norsk eller samisk.
– Vi treng fleire folk og meir kompetanse i arbeidslivet framover. Kompetansepluss er ei svært viktig ordning, som bidrar til å kvalifisere tilsette og ruste dei til å kunne halde fram i jobbane sine. Dette er vinn-vinn for arbeidstakarar, arbeidsgivarar og samfunnet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som vurderer søknadene. Dei tok i år imot 598 søknader til Kompetansepluss arbeid og frivilligheit. Totalt vart det søkt om eit beløp på 271 millionar kroner.
– Dei høge søknadstala viser kor viktig denne ordninga er, både i arbeidslivet og innan frivilligheita. I år ser vi ekstra stor aktivitet i nord, og det er vi særleg glade for, seier Hoel.
Sidan oppstarten av Kompetansepluss arbeid i 2006 har over 100 000 delteke i opplæring på arbeidsplassen. I 2023 fekk mange ukrainske flyktningar opplæring gjennom ordninga.
– Ferdigheiter i språk, rekning og digitale verktøy er avgjerande i arbeidslivet, uavhengig av utdanning og yrke. Kompetansepluss-midlane rettar seg direkte mot slike grunnleggande ferdigheiter, og er derfor eit viktig verkemiddel for å bidra til høg sysselsetting i Noreg, særleg for vaksne, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.
Ordninga er tredelt
- Kompetansepluss arbeid gir midlar til kurs for arbeidstakarar knytt til arbeidsplassen.
- Kompetansepluss frivilligheit gir midlar til kurs knytt til aktivitetar i frivillige organisasjonar.
- Kompetansepluss fagopplæring gir midlar til kurs som førebuing til fagbrev.
Årets tildeling til Kompetansepluss arbeid og frivilligheit
- 186 prosjekt innan Kompetansepluss arbeid, til saman 84 millionar kroner.
- Av desse går 9 millionar kroner til tiltakssona i Troms og Finnmark, inkludert fire samiske prosjekt.
- 49 prosjekt innan Kompetansepluss frivilligheit, til saman 14,9 millionar kroner.
- Av desse går 1,4 millionar kroner til tiltakssona i Troms og Finnmark.
- I tillegg skal 23 millionar kroner fordelast til Kompetansepluss fagopplæring våren 2024.
Tildelte pengar fordelt på fylke (arbeid og frivilligheit) |
Kroner |
Agder |
7 078 500 |
Innlandet |
2 325 000 |
Møre og Romsdal |
1 392 500 |
Nordland |
6 057 500 |
Oslo |
10 912 500 |
Rogaland |
3 426 000 |
Troms og Finnmark |
17 667 500 |
Trøndelag |
16 776 000 |
Vestfold og Telemark |
13 942 500 |
Vestland |
1 933 500 |
Viken |
17 398 500 |
23 millionar til Kompetansepluss fagopplæring
Om lag 23 millionar kroner skal fordelast til Kompetansepluss fagopplæring våren 2024. Målgruppa i denne ordninga er vaksne arbeidstakarar med låg formell utdanning, men lang erfaring innan faget sitt. Opplæringa skal styrke grunnlaget til deltakarane for å kunna ta fagbrev som praksiskandidatar. Opplæringa vil bidra til at dei som gjennomfører ho, står sterkare og kan få ei meir varig tilknyting til arbeidslivet.