Regjeringa deler ut 150 millionar kroner til internasjonalt utdanningssamarbeid

14 norske universitet og høgskular får nær 150 millionar kroner til utdanningssamarbeid med partnarar i Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea, USA og Canada. NTNU toppar lista med flest prosjekt i år.

– Utdanning er ein nøkkel for å løyse globale utfordringar. I ei tid med aukande uro i verda, er kunnskapssamarbeid på tvers av grenser viktigare enn på lenge. No deler vi ut pengar til samarbeidsprosjekt mellom norske universitet og høgskular og utanlandske partnarar. Prosjekta skal bidra til at fleire studentar drar på utveksling, og til tettare samarbeid mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Totalt 50 prosjekt får stønad gjennom UTFORSK-programmet. I årets utlysing er USA, Brasil og India dei største samarbeidslanda, følgde av Canada og Sør-Korea. 62 prosent av prosjekta samarbeider med partnarar frå arbeidslivet.

For første gong får Høyskolen Kristiania pengar frå UTFORSK. Dei skal samarbeide med Sør-Korea og India om kunstig intelligens, og om etiske og juridiske sider ved å bruke dette i undervisninga.

15 millionar sett av til prosjekt innan hav, kyst, klima, miljø og energi

I søknadsrunden i år var det sett av 15 millionar kroner spesielt til samarbeid innan studieprogram med tema hav, kyst, klima, miljø og energi.

5 av prosjekta fekk pengar frå den øyremerka potten. Blant desse er Universitetet i Bergen. Saman med ein partnar i Canada skal dei utvikle fleire utdanningsaktiviteter innan marine og maritime fag. UiT – Noregs arktiske universitet får pengar til eit utdanningssamarbeid med Japan, som skal undersøke korleis klimaendringar påverkar økosystema i arktiske og alpine område.

Målet med øyremerkinga var å få fleire utdanningssamarbeid innan tema som er viktige for forskings‐ og næringssamarbeidet med dei aktuelle landa og på den måten få ei betre kopling mellom dei nasjonale verkemidla og strategiane.

Desse institusjonane får tildelt midlar i UTFORSK-2024:

Norsk institusjon

Tal på prosjekt

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

12

Universitet i Bergen

6

Universitetet i Stavanger

5

Høgskulen på Vestlandet

5

OsloMet – storbyuniversitetet

4

UiT - Noregs arktiske universitet

4

Universitetet i Søraust-Noreg

4

Universitetet i Oslo

3

Universitetet i Agder

2

Høgskolen i Molde

1

Høyskolen Kristiania

1

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

1

Nord Universitet

1

VID vitenskapelige høgskole

1

Fakta om UTFORSK

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som lyser ut midlar i ordninga UTFORSK. Tildelinga for årets utlysing gjeld for perioden 2025 til 2028, med atterhald om årleg godkjenning av Stortinget.

Programmet er ein del av Panoramastrategien til den norske regjeringa, og skal bidra til auka kvalitet og relevans i høgare utdanning i Noreg og i dei prioriterte samarbeidslanda og førebu kandidatar på å møte lokale og globale samfunnsutfordringar.

Nesten 26 prosent av søknadane til UTFORSK 2024 får løyving.