Regjeringa deler ut 150 millionar kroner til opplæring på arbeidsplassen
Pressemelding | Dato: 22.02.2022 | Kunnskapsdepartementet
7 400 vaksne i over 700 verksemder over heile landet får pengar til opplæring i lesing, skriving, og digitale ferdigheiter gjennom Kompetanseplussordninga. Viken, Oslo og Rogaland er fylka som får mest midlar i år.
− Arbeidsgivarar i alle bransjar stiller stadig høgare krav til kompetanse. Kompetansepluss er derfor ei svært viktig ordning for arbeidslivet, slik at tilsette blir rusta til å kunne halde fram i jobbane sine. Dei høge søknadstala viser kor viktig tilskotsordninga Kompetansepluss er for mange både i arbeidslivet og innan frivilligheita, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Koronakrisa dei siste to åra har vist at personar med låg eller liten formell kompetanse, er dei som fell ut av arbeidslivet først. Dei vil òg slite med å kome tilbake igjen i arbeidslivet.
− Ved å gi desse meir utdanning og kompetanse, investerer vi i arbeidsmarknaden i framtida både på kort og lang sikt. Dette er vinn-vinn for arbeidstakarar, arbeidsgivarar og samfunnet, seier Moe.
Tildelte pengar fordelt på fylke |
Kroner |
Agder |
6 480 000 |
Innlandet |
3 720 000 |
Møre og Romsdal |
4 320 000 |
Nordland |
3 540 000 |
Oslo |
45 465 000 |
Rogaland |
23 355 000 |
Troms og Finnmark |
4 060 000 |
Trøndelag |
19 590 000 |
Vestfold og Telemark |
14 475 000 |
Vestland |
1 350 000 |
Viken |
22 62 0000 |
Styrkar folks datakunnskapar
Formålet med Kompetansepluss-ordninga er å styrke vaksne sine grunnleggande ferdigheiter. I årets utdeling er søknader som kombinerer opplæring i digitale ferdigheiter med lesing og skriving prioriterte. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som vurderer søknadene.
− Koronapandemien har vist at skriftleg kommunikasjon på digitale plattformer er svært viktig på alle utdanningsnivå og i alle yrke. Digitale ferdigheiter er allereie ein essensiell del av arbeidskvardagen, og vil bli endå viktigare i framtida. Derfor satsar vi sterkt på dette, seier direktør Sveinung Skule i HK-dir.
Årets tildeling
- 343 prosjekt innan Kompetansepluss arbeid, til saman 135,4 millionar kroner
- 9 prosjekt innan Kompetansepluss arbeid, samisk, til saman 3,6 millionar kroner
- 31 prosjekt innan Kompetansepluss frivilligheit, til saman 8,9 millionar kroner
- 2 prosjekt innan Kompetansepluss frivilligheit, samisk 1 millionar kroner
Fakta om Kompetansepluss
- Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse forvaltar ordninga. Dei tok i år imot 718 søknader til Kompetansepluss. Totalt vart det søkt om eit beløp på 276 millionar kroner
- Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, munnleg og IKT, og dessutan norsk eller samisk.
- Sidan oppstarten av Kompetansepluss arbeid i 2006 har 100 000 delteke i opplæring på arbeidsplass.
- Kompetansepluss arbeid gir midlar til kurs for arbeidstakarar knytt til arbeidsplass.
- Kompetansepluss frivilligheit gir midlar til kurs knytt til aktivitetar i frivillige organisasjonar.