Regjeringa føreslår å atterreise Haram kommune
Pressemelding | Dato: 03.05.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa vil fremje forslag for Stortinget om at Ålesund kommune delast slik at heile tidlegare Haram kommune på nytt blir ein eigen kommune. Dette er ikkje den same løysinga som kommunestyret i Ålesund har søkt om.
Ålesund kommune vart etablert 1. januar 2020 etter at Ålesund, Skodje, Ørskog, Sandøy og Haram kommunar vart slått saman. Kommunestyret i Haram ønska ikkje denne samanslåinga. Ålesund kommune er derfor rekna som «tvangssamanslått».
Regjeringa har gitt tvangssamanslåtte kommunar høve til å søke om å dele seg, slik at innbyggjarane kan få tilbake sin tidlegare kommune. Kommunestyret i Ålesund vedtok 17. mars å søke om å dele kommunen. Dei har søkt om ei deling der deler av tidlegare Haram kommune blir etablert som ein eigen kommune, mens områda Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytastranda blir att i Ålesund kommune.
– Kommunestyret i Ålesund har søkt om ei deling, der ein stor del av innbyggjarane og landarealet i tidlegare Haram kommune ikkje blir med i nye Haram. Regjeringa ønsker ikkje denne løysinga, og folkerøystinga i Haram syner at eit klart fleirtal av innbyggjarane vil reetablere Haram som eigen kommune, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Det går fram av inndelingslova § 5 at Kongen gjer vedtak om deling av ein kommune når kommunen saka gjeld, har slutta seg til forslaget. Dersom kommunen har uttalt seg mot deling, skal saka leggjast fram for Stortinget for avgjerd. Regjeringa vil fremje forslag om deling av Ålesund i ein proposisjon for Stortinget saman med forslaget om å dele fylke.
Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00