Regjeringa føreslår auka Ukraina-støtte til energi og vinterhjelp
Nyheit | Dato: 22.11.2024 | Utanriksdepartementet
Regjeringa vil auke Nansen-programmet med 5 milliardar kroner i nysalderinga for 2024. 1,5 milliardar kroner skal brukast på straumforsyning og nødhjelp til eit Ukraina som er på veg inn ein ny krigsvinter.
Av auken på 5 milliardar kroner i nysalderinga av statsbudsjettet for 2024 utgjer militær støtte 3,5 milliardar kroner og sivil støtte og nødhjelp 1,5 milliardar.
Midlane på sivil side skal gå til energitiltak og til humanitære organisasjonar som driv prosjekt for å hjelpe den ukrainske befolkninga gjennom ein ny kald vinter.
– Ukraina har enorme militære og sivile behov i møte med Russlands brutale krigføring. Angrepa dei siste vekene og månadene, særleg mot kraftforsyninga i landet, har ført til auka behov. Gjennom den auka støtta vil vi gjere Ukraina og ukrainarane betre førebudde på ein ny kald og utrygg vinter, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Den sivile støtta skal gå til å auke kraftforsyninga, utbetre stabiliteten i straumnettet, humanitære tiltak retta særleg mot sårbare familiar og sivil infrastruktur som sjukehus og helseklinikkar. Befolkninga er heilt avhengig av lys og varme for å halde oppe motstandskrafta etter meir enn 1000 dagar med fullskala krig.
– Ukrainas forsvarskamp er eksistensiell for Ukraina og det ukrainske folket, men også avgjerande for Europas og Noregs tryggleik. Ukraina er heilt avhengig av vestleg støtte. Derfor er det viktig at Noreg no vil auke støtta til Ukraina, seier utanriksministeren.
Auken er ein del av forslaget om å styrkje Nansen-programmet, og blei presentert for partia på Stortinget 20. september og gjenteke i statsbudsjettet for 2025. Forslaget inneber i tillegg at den samla ramma for Nansen-programmet blir auka frå 75 til rundt 135 milliardar kroner, at programmet blir forlenga med tre år til 2030, samt at det blir etablert eit golv for årleg støtte på 15 milliardar kroner.