Statsbudsjettet 2025

Regjeringa foreslår fem millionar til digital inkludering av eldre

I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa 19 millionar kroner til oppfølging av Bu trygt heime-reforma, inkludert fem millionar til Senteret for et aldersvennlig Norge for å styrke digital inkludering av eldre.

– For å meistre heilt daglegdagse oppgåver som å kjøpe bussbillett eller bruke Helsenorge, er det krav om digitale ferdigheiter. Då må vi hjelpe dei eldre til å klare dette, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Gjennom arbeidet til Senteret for et aldersvennlig Norge (aldersvennlig.no) kan ulike aktørar og samarbeidspartnarar som pensjonistane sine organisasjonar, KS og IKT Norge bidra til bevisstgjering rundt digital inkludering og betre aldersvennlege løysingar.