Regjeringa foreslår lovendring om avfallsgebyr
Nyheit | Dato: 21.03.2025 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa har i dag fremja eit lovforslag om at kommunane skal fastsetje differensierte avfallsgebyr. Det vil seie at hushald som kastar mindre og sorterer avfallet sitt betre, vil betale mindre i avfallsgebyr.
Store mengder avfall og låg materialattvinning fører til utslepp av klimagassar, forureining og negativ effekt på miljø og biologisk mangfald ved uttak av råvarer frå naturen og ved avfallsbehandling.
– Det er viktig å få på plass verkemiddel som kan gi auka kjeldesortering og materialattvinning. Differensierte avfallsgebyr vil påskjønne dei som kastar lite og dei som er flinke til å kjeldesortere, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Avfallsgebyret kan til dømes fastsetjast basert på kor ofte avfallet blir tømt, kor stor avfallsbehaldar ein vel eller kor mykje restavfallet veg. Det er opp til kvar enkelt kommune å bestemme korleis avfallsgebyret skal differensierast. Konsekvensane av lovendringa vil avhenge av korleis kommunen vel å oppfylle plikta og om kommunen allereie har eit system for gebyrdifferensiering i dag.
I lovforslaget blir det også foreslått ein heimel til å gi nærare reglar om bruk av differensierte avfallsgebyr i forskrift.
Forslaget skal no behandlast av Stortinget. Det er foreslått at plikta til å fastsetje differensierte avfallsgebyr vil tre i kraft ved årsskiftet 2025/2026.