Regjeringa gir 50 millionar kroner til studiesenter

Regjeringa gir no tilskot til 31 studiesenter i heile Noreg. Studiesentera tilbyr fleksibel utdanning der folk bur. Sentera er etablerte i tett samarbeid med lokalt næringsliv, kommunar og fylkeskommunar slik at dei best mogleg møter regionale behov.

Tildelinga bidreg til at fleire kan ta desentralisert utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule utan å flytte eller reise langt. I år er det tilbod i Nordland og Trøndelag som får mest pengar, og det er fleire samiske tilbod enn før.

– Vi må sikre utdanning av arbeidskrafta vi treng i Noreg framover. Vi manglar blant anna både lærarar og sjukepleiarar. Derfor held vi fram med å styrke fleksible og desentraliserte utdanningstilbod slik at endå fleire kan ta ei utdanning der dei bur, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Studiesentera gjer karriereutvikling og livslang læring mogleg

Alle studiesentera tilbyr utdanning frå fagskular, høgskular eller universitet tilpassa lokale kompetansebehov. Dei tilbyr både ordinære grunnutdanningar og korte, fleksible etter- og vidareutdanningar.

– Studiesentera er gode på å rekruttere folk som elles ikkje ville søkt kompetanseheving. For mange er det avgjerande at dei kan kombinere studiane med jobb og familie. Eg vil at alle skal ha same moglegheit for karriereutvikling og livslang læring, same kvar i landet du bur, seier Hoel.

Meir utdanning på samisk

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som behandlar søknadane. I år er det fleire samiske søkarar.

– I år ser vi ein gledeleg auke i samiskspråklege tilbod. Samiskspråkleg utdanning vert styrka med tildeling av driftsmidlar til tre studiesenter i Nord-Troms, Helgeland og Oslo. Vi veit det er behov for samisk kompetanse, som å beherske samisk språk godt og god kulturforståing, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.

Søkarane skal legge til rette for eitt eller fleire studietilbod i 2024.

– Det er gode søknadar, og vi opplever at alle jobbar etter føremålet om å tilby kompetanseheving tilpassa regionale behov og kompetanseplanar. Med desse tildelingane sikrar vi sentera trygg og solid drift, seier Skule.

Desse får pengar til studiesenter

Alle som søkte driftsstøtte, får tildeling i år. Det er totalt sett fleire søkarar i år enn tidlegare.

Studiesenter

Fylke

Tildeling 2023

 Tildeling 2024

Tildeling totalt

Østre Agder IPR, Studiested Østre Agder

Agder

433 500

375 088

808 588

Studiesenteret Lister kompetanse AS

Agder

2 542 196

2 009 400

4 551 596

Setesdal IPR, studiested Setesdal

Agder

590 750

509 048

1 099 798

Gardermoakademiet AS

Akershus

Ikkje søkt

1 942 420

1 942 420

Utdanningssenteret på Geilo

Buskerud

2 136 470

1 660 296

3 796 766

Sør-Varanger utvikling, Øst-Finnmark kunnskapssenter

Finnmark

935 000

2 009 400

2 944 400

Pro Barents AS, studiesenter Hammerfest

Finnmark

1 190 000

1 741 480

2 931 480

Tynset studie- og høgskolesenter

Innlandet

2 550 000

1 674 500

4 224 500

Høgskolesenteret i Kongsvinger

Innlandet

2 550 000

2 009 400

4 559 400

Studiesenteret RKK Vefsn

Nordland

2 550 000

2 009 400

4 559 400

Studiesenter KiGOK

Nordland

2 537 718

1 895 534

4 433 252

Kunnskapsparken Helgeland, Ditt studiesenter/Dov Learoejarnge

Nordland

2 550 000

2 009 400

4 559 400

RKK studiesenter Vesterålen

Nordland

2 499 850

1 661 439

4 161 289

Studiesenter RKK Ytre Helgeland

Nordland

2 550 000

2 009 400

4 559 400

Sami viessu Oslo OS/Samisk hus Oslo AS

Oslo

Ikkje søkt

267 920

267 920

Dalane utdanningssenter

Rogaland

2 023 000

2 009 400

4 032 400

Ryfylke IKS

Rogaland

2 550 000

2 009 400

4 559 400

Nissedal kommune, Nissedal studiesenter

Telemark

423 780

773 753

1 197 533

Gaivuona suohkan Kåfjord kommune Kaivuonon komuuni

Troms

Ikkje søkt

1 172 150

1 172 150

Studiesenteret Midt-Troms AS

Troms

1 126 250

977 908

2 252 500

Campus Nord-Troms AS

Troms

2 776 350

2 009 400

4 785 750

Namdal regionråd, Namdal studiesenter

Trøndelag

2 503 250

2 006 051

4 509 301

Midtre Gauldal Kommune, Studiesenter Trøndelag Sør

Trøndelag

1 275 000

1 868 742

3 143 742

Skaun Kommune, studiesenter Trøndelag Sørvest

Trøndelag

1 007 250

2 009 400

3 016 650

Prios Kompetanse AS

Trøndelag

1 912 500

1 808 460

3 720 960

Fosenregionen IPR, Fosen studiesenter

Trøndelag

1 950 750

1 798 413

3 749 163

Grønt kompetansesenter Trøndelag

Trøndelag

Ikkje søkt

664 777

664 777

Gloppen Kommune, Nordfjord studiesenter

Vestland

1 255 450

1 963 468

3 218 918

Sogn Kompetanse AS

Vestland

Ikkje søkt

2 002 367

2 002 367

Hardanger og Voss næringshage AS

Vestland

Ikkje søkt

1 132 683

1 132 683

Aksello AS, studiesenter Kysten

Vestland

2 550 000

2 009 400

4 559 400

Fakta om ordninga

  • Søknadsbasert ordning for tilskot til drift av studiesenter.
  • Studie-/utdanningssenter og liknande aktørar kunne søke på ordninga.
  • Tildelinga av midlar føreset medfinansiering frå andre aktørar, til dømes kommunar, fylkeskommunar eller næringsliv. Dette skal sikre at fleire kjenner eigarskap til sentera.
  • Søkarane må vise til samarbeid med ein fagskule, høgskule eller eit universitet.