Regjeringa gir 61 millionar til bransjeprogram – skreddarsydd og gratis utdanning

Regjeringa deler no ut pengar til korte og relevante etter- og vidareutdanningar i fire bransjar. Dei tilsette skal få viktig påfyll, og bedriftene den kompetansen dei treng.

– Mangelen på kompetent arbeidskraft kan ikkje berre løysast ved å utdanne fleire – kompetansepåfyll til dei som allereie er i jobb er minst like viktig. No får endå fleire fagfolk oppdatert kunnskap tilpassa eit raskt skiftande arbeidsliv. Bransjeprogramma er livslang læring i praksis, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Det partssamansette Kompetansereformutvalet, som leverte sin rapport i januar, meiner at bransjeprogramma er eit godt døme på kompetanseutvikling, direkte knytt til behova i arbeidslivet.

Desse bransjane får pengar i 2025

Bransje

Tal på prosjekt

Totalsum

Industri- og byggenæringa

14

kr     19 348 557

Solkraftbransjen

9

kr     19 607 308

Informasjonstryggleik- og IKT-bransjen

9

kr     11 867 645

Finansnæringa

5

kr     10 130 047

Helse- og omsorgstenestene

49 søknader under behandling

 

To nye bransjeprogram i år

Det er partane i arbeidslivet som har foreslått kva for bransjar som bør ha bransjeprogram. Programma innanfor solkraftbransjen og helse- og omsorgstenestene er nye, og får sine første tildelingar i år.

– Tett samarbeid med arbeidslivet er heilt avgjerande for at utdanningstilboda treff behova. Når partane i arbeidslivet saman peikar på kva kompetanse som trengst, treff vi betre, seier Aasland (Ap).

Utbygging av solkraft er viktig for å få meir fornybar energi. Bransjen har opplevd rask vekst, som gir behov for ny og oppdatert kompetanse framover.

Helse- og omsorgstenestene har eit stort og aukande kompetansebehov, mellom anna på grunn av fleire eldre, nye behandlingsformer og meir digitalisering. Bransjeprogrammet skal bidra til å styrke kompetansen hos dei tilsette og sikre betre tenester til innbyggarane. Bransjeprogrammet for helse- og omsorgstenestene har tildeling i slutten av april 2025.

Spleiselag for bransjar i omstilling

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som forvaltar ordninga, mottek totalt 140 søknader i år. Det er ein stor auke frå i fjor.

– Bransjeprogramma er eit spleiselag. Staten gir tilskot til fagskular, høgskular, universitet og andre kurstilbydarar som utvikle og drifte relevante tilbod. Verksemdene og den einskilde tilsette investerer si tid, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.

Målet er at tilsette, permitterte og ledige i bransjar med særleg behov for endring får nødvendig kompetanse til å meistre nye oppgåver, og dermed blir i jobben.

– Bransjeprogramma er populære og treff godt. Samarbeidet med partane i arbeidslivet gjer at vi får utvikla korte og fleksible utdanningstilbod som er skreddarsydde til behovet i kvar einskild bransje, seier Skule.

Aktive bransjeprogram i 2025

  • Finansnæringa (2024–2026)

  • Informasjonssikkerheit og IKT-bransjen (2024–2026)

  • Solkraftbransjen (2025–2027)

  • Industri- og byggenæringa (tredje periode 2025–2027)

  • Helse- og omsorgstenestene (2025–2027)

Bransjeprogram er ei tilskotsordning der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling innanfor utvalde bransjar. Gjennom bransjeprogramma kan tilsette, permitterte og arbeidsledige få gratis kurs og utdanning. Målet er å sikre kompetanseutvikling i tråd med behovet i bransjane, slik at tilsette kan takle omstillingar og vere betre rusta for morgondagens arbeidsliv. Opplæringstilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med jobb.

Kvart bransjeprogram får tilskot i tre år. Tilbydarar av opplæring kan søke om tilskot, men må dokumentere samarbeid med arbeidslivet.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.