Regjeringa gir åtte millonar til digital opplæring
Pressemelding | Dato: 19.12.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet tildeler åtte millionar kroner i eingongsstøtte til 27 søkjarar i 45 kommunar som ønskjer å heve den digitale kompetansen til innbyggjarane.
- Dette er den største eingongsstøtta til digital opplæring som departementet nokon gong har delt ut, og eg er svært glad for at så mange kommunar ønskjer å hjelpe innbyggjarane sine med digitale ferdigheiter, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Formålet med tilskotet er å leggje til rette for etablering av eit lågterskel tilbod der personar med liten eller ingen digital kompetanse kan få hjelp og rettleiing. Tilbodet skal gi innbyggjarar som har behov for det høve til å tileigna seg grunnleggjande digital kompetanse, eller erfaring og tryggleik til å læra seg å bruke digitale tenester i eigen kvardag.
Tilskotsordninga støttar opp under regjeringas og KS felles ambisjon om å gi alle innbyggjarar høve til å delta i det digitale samfunnet.
- Deltaking i det digitale samfunnet er ikkje like lett for alle. Både yngre og eldre kan ha vanskar med å bruke offentlege digitale tenester. Det handlar ikkje berre om digitale ferdigheiter, men også om kompliserte digitale tenester og vanskeleg offentleg språk. Alt dette må vi jobbe med for å unngå digitalt utanforskap, seier Gjelsvik.
Departementet jobbar også med ein handlingsplan for å sikre at flest mogleg blir digitalt inkludert. Handlingsplanen skal være ferdig på nyåret.
Sidan 2017 har meir enn 130 kommunar fått ulike eingongstilskot på totalt 25 millionar kroner for å etablera slike lågterskel opplæringstilbod innan digital kompetanse.
Sidan 2014 har departementet løyvd 69 millionar til ulike tiltak for å auka den digitale deltakinga i befolkninga. Blant tiltaka er støtte til KS og samarbeidde om Digihjelpen (www.digihjelpen.no), årlege tilskot til Seniornett Norge og tilskot til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for utvikling av kurs- og opplæringsmateriell innan grunnleggjande digitale ferdigheiter (www.digidel.no).
Desse søkjarane får i år tildelt tilskot for å setje i verk tiltak for digital opplæring og rettleiing til innbyggjarane sine.
Kommune |
Tilskot |
Asker kommune (samarbeid med Indre Østfold, Rakkestad og Halden) |
500 000 |
Austevoll kommune (samarbeid Seniornett) |
150 000 |
Drammen kommune |
500 000 |
Eigersund folkebibliotek |
100 000 |
Evje og Hornes kommune |
100 000 |
Gjemnes kommune |
100 000 |
Hareid og Ulstein kommune (samarbeid) |
500 000 |
Karmøy folkebibliotek |
300 000 |
Kinn kommune |
300 000 |
Kristiansund og Averøy kommune (samarbeid) |
350 000 |
Kvinesdal kommune (samarbeid med Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Lyngdal og Sirdal) |
200 000 |
Narvik kommune |
150 000 |
Orkland kommune (samarbeid Seniornett) |
320 000 |
Oslo kommune - Ullern bydel |
100 000 |
Porsanger kommune |
150 000 |
Rindal kommune |
150 000 |
Sandefjord kommune |
350 000 |
Sogndal kommune (samarbeid med Aurland, Luster, Lærdal, Vik og Årdal) |
1 000 000 |
Sortland kommune (samarbeid med Lødingen og Bø) |
230 000 |
Stavanger kommune |
300 000 |
Sør-Aurdal kommune |
150 000 |
Ullensaker kommune |
500 000 |
Vestby og Enebakk kommune (samarbeid) |
300 000 |
Volda kommune |
300 000 |
Ørsta kommune |
250 000 |
Ålesund kommune |
400 000 |
Ås og Nesodden kommune (samarbeid) |
250 000 |