Regjeringa gir kartgåve til VM i orientering i 2019
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 50/17 | Dato: 06.06.2017
Regjeringa gir 1 350 000 kroner til produksjon av gode kart til VM i orientering i Østfold i 2019.
– Det er flott at desse karta blir overførte til lokale klubbar etter at VM er over. På denne måten vil dei kome til nytte for orienteringsløparar i alle aldrar. Orientering er ein idrett som passar for alle og karta vil få folk ut i skog og mark, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
Meisterskapen i Østfold omfattar VM/World Cup i 2018 og VM med eitt kvalifiseringsløp og tre finalar i 2019. Karta skal nyttast til alle desse arrangementa.