Regjeringa gir pengar til 1 000 nye studieplassar i fagskulane

Fagskulane får no over 40 millionar kronar til 1 000 nye studieplassar frå 2025. Oslo, Rogaland og Vestland får flest plassar. Til no har regjeringa sørga for 2 000 nye fagskuleplassar.

– Fagskulane speler ei nøkkelrolle i det norske samfunnet. Dei leverer kompetanse som næringslivet etterspør, og gir folk i heile Noreg moglegheit til å kvalifisere seg til eit arbeidsliv i stadig endring. Denne regjeringa har prioritert fagskulane høgt, og storsatsinga held fram: No styrkar vi kapasiteten kraftig, med tusen nye studieplassar neste år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Fagskular tilbyr yrkesretta utdanningar som ofte kan kombinerast med jobb. I NHOs kompetansebarometer for 2023 melde 68 prosent av bedriftene at dei har behov for folk med høgare yrkesfagleg utdanning.

Oslo, Rogaland og Vestland får flest studieplassar

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som fordeler midlane til fylkeskommunane. No er det opp til fylkeskommunane å bestemme korleis midlane skal bli fordelte til fagskulane. I fordelinga av dei nye studieplassane skal fylkeskommunane prioritere tekniske fag, helse- og velferdsfag og fag som er særleg viktige for det grøne skiftet.

– Digitalisering og ei aldrande befolkning gjer at det er stort behov for desse studieplassane. Fagskulane er heilt sentrale for å utvikle utdanningstilbod som svarer på dei utfordringane samfunnet står overfor, seier Hoel.

Fylkeskommune

Nye studieplassar

Halvårseffekt 2025

Agder

                                                            50

                                                                       2 208 913

Akershus

                                                            18

                                                                          808 740

Buskerud

                                                            48

                                                                       2 149 472

Finnmark

                                                            16

                                                                          724 856

Innlandet

                                                            85

                                                                       3 777 426

Møre og Romsdal

                                                            30

                                                                       1 345 819

Nordland

                                                            25

                                                                       1 098 566

Oslo

                                                         110

                                                                       4 908 421

Rogaland

                                                         100

                                                                       4 461 294

Telemark

                                                            75

                                                                       3 356 539

Troms

                                                            50

                                                                       2 203 235

Trøndelag

                                                            80

                                                                       3 578 398

Vestfold

                                                            66

                                                                       2 925 135

Vestland

                                                            98

                                                                       4 340 346

Østfold

                                                            49

                                                                       2 162 839

Totalt

                                                         900

                                                                     40 050 000

Styrka tilbod til kompetanseheving i industri- og byggenæringa

Som ei oppfølging av frontfagsoppgjeret i 2024, går 100 av dei nye studieplassane til ei styrking av ordninga Industrifagskulen. Det er ei tilskotsordning som skal sikre at det blir tilbode korte og fleksible utdanningstilbod for tilsette i industrien og byggenæringa. Til saman 598 studieplassar blir tildelte med ei treårig ramme. Om lag 3 600 tilsette i industrien og byggenæringa vil få eit tilbod om kompetanseheving kvart år, dei tre neste åra.

– Mangel på kompetanse og aukande krav til omstilling er sentrale utfordringar for industri- og byggenæringa. Gjennom denne ordninga får tilsette i industri- og byggenæringa tilbod om kompetanseheving medan dei står i arbeid. Dette er viktig både for Noregs konkurranseevne og for moglegheitene til den einskilde arbeidar, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Fagskule 

Årlege studieplassar dei neste tre åra  

Fagskolen Rogaland 

83 

Fagskolen Nordland 

18 

Fagskulen Vestland 

146 

Fagskolen Innlandet 

50 

Fagskolen i Viken 

251 

Fagskolen Vestfold og Telemark 

50 

Total per år 

598 

  • Når dei 900 studieplassane er fullt innfasa våren 2027, har sektoren til saman fått tilført i overkant av 320 millionar kroner til studieplassane over tre år. 
  • Utdanningar innanfor tekniske fag, helse- og velferdsfag, og område som er viktige for det grøne skiftet, er prioriterte ved tildeling av nye studieplassar. Dette er i tråd med meldinga til Stortinget Utsyn over kompetansebehovet i Norge.
  • Det er ei føring for fordelinga av studieplassmidlane at dei skal gje auka aktivitet i sektoren. Derfor vektlegg HK-dir i kva grad tidlegare tildelingar av studieplassmidlar til fylkeskommunane har ført til at fleire studerer ved fagskular og dermed har auka studiepoengproduksjon.