Regjeringa gir pengar til 1130 nye studentbustader
Pressemelding | Dato: 24.03.2022 | Kunnskapsdepartementet
Store delar av budsjettet til studentane går til bustad, derfor vil regjeringa satse på å bygge fleire. Åtte studentsamskipnader får til saman 413 millionar til bygging av nye hybeleiningar til studentar. Ein tredel av dei nye hyblane kjem i Nord-Noreg.
– Å sørge for at det finst god tilgang på trygge og rimelege bustader for studentar over heile landet, er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien. For dei fleste studentar er husleige den største enkeltutgifta. I år aukar vi innsatsen særleg i Nord-Noreg, men også studentbustadprosjekt i sør, aust og vest får store tilskot denne gongen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Sjå kva studentsamskipnader som får tilskot i denne runden nedst i saka.
Satsar på bygging av studentbustadar i Nord-Noreg
I år er det i Nordland og Troms og Finnmark som har fått pengar til dei største prosjekta. Det prosjektet som får høgast tilskot ligg i Tromsø, der får Noreg arktiske studentsamskipnad 76 millionar kroner til 200 nye hybeleiningar. Studentinord i Bodø får 68 millionar kroner til 178 nye studenthyblar i Skavdalslia.
– Vi vil ha eit aktivt og levande studentliv i Nord-Noreg, og vi veit det er stort behov for fleire studentbustader nord i landet no. Derfor har vi sett av pengar til å skalere opp tilbodet av studentbustader i Bodø og Tromsø kraftig, seier Borten Moe.
Blant andre store byggeprosjekt er eit nybygg med 120 studenthyblar i Elverum, og rehabilitering av 120 hyblar på Sogn studentby i Oslo.
Vil få opp tempoet på bygginga etter pandemien
15 byggeprosjekt, fordelt på åtte studentsamskipnader, får pengar. Samskipnadane søkte om tilskot til 1664 hybeleiningar. Regjeringa har valt å prioritere nye og lovande byggeprosjekt som kan startast opp i løpet av kort tid. Dermed er det 1130 hybeleiningar som får pengar i år.
– Vi vil få opp tempoet på bygginga av studentbustader og på sikt er målet 3000 nye hyblar i året. Eg veit at pandemien har ført til høgare byggekostnadar, men synest studentsamskipnadene har vore gode til å planlegge nye prosjekt dei kan sette i gang raskt. Det betyr at det ikkje er lenge til dei første spadane kan stikkast i jorda. Så skal vi sjå på korleis vi kan bidra til å få opp talet på søknadar, seier Borten Moe.
Slik blir midlane til dei 1130 hybeleiningane fordelte:
Samskipnad |
Studiestad |
Prosjekt |
Tiltak |
Tal på hybeleiningar |
Tilskot i kr |
||
SINN |
Elverum |
Meierigata |
Nybygg |
120 |
39 144 000 |
||
SSN |
Rauland |
Raulandsakademiet |
Nybygg |
32 |
10 438 400 |
||
SiO |
Oslo |
Jon P Erliens v 1B-13 (verneverdig) |
Rehab. |
171 |
65 356 200 |
||
Sammen |
Bergen |
Fantoft - N-blokk syd |
Nybygg |
2 |
764 400 |
||
SiT |
Trondheim |
Magnus den Godes ft 2 |
Nybygg |
2 |
764 400 |
||
SiA |
Kristiansand |
Gimle 4 |
Nybygg |
71 |
27 136 200 |
||
SiA |
Grimstad |
Jon Lilletunsvei 21 og 23 |
Nybygg |
6 |
1 957 200 |
||
Sammen |
Stord |
Rommetveit - Osahaugen 22-26 |
Nybygg |
82 |
26 748 400 |
||
Sammen |
Bergen |
St.Halvardsvei 11 |
Nybygg |
77 |
29 429 400 |
||
SiT |
Gjøvik |
Røverdalen |
Nybygg |
20 |
6 524 000 |
||
SiT |
Gjøvik |
Studievegen |
Nybygg |
70 |
22 834 000 |
||
SiO |
Oslo |
Kringsjå Fase 3 |
Nybygg |
79 |
30 193 800 |
||
SiA |
Kristiansand |
St. Olavsvei 41-43 |
Nybygg |
20 |
7 644 000 |
||
NAS |
Tromsø |
Dramsveien panorama, tr 4 |
Nybygg |
200 |
76 440 000 |
||
Studentinord |
Bodø |
Skavdalslia |
Nybygg |
178 |
68 031 600 |
||
|
1 130 |
413 406 000 |