Regjeringa gir pengar til 1650 nye studentbustader

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Åtte studentsamskipnader og ei bustadstifting får til saman 646 millionar til å bygge nye hybeleiningar til studentar.

– Leigeprisane har auka mykje det siste året. Vi veit at husleige er den største enkeltutgifta for dei fleste studentar. Å syte for at det finst god tilgang på trygge og rimelege bustader for studentar er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien. Det kan også bidra til å dempe presset på den private leigemarknaden. I år aukar vi innsatsen særleg i Oslo, men også studentbustadprosjekt i sør, vest og nord får store tilskot, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Satsar på bygging av studentbustader i Oslo og Agder

I år er det Oslo og Agder som har fått pengar til dei største prosjekta. Det prosjektet som får flest tilsegn om tilskot ligg i Oslo, der får Studentsamskipnaden i Oslo 175,6 millionar kroner til 446 nye hybeleiningar i Nydalen. Studentsamskipnaden i Agder i Kristiansand får 154,3 millionar kroner til 392 nye studenthyblar på Lund Torv.

– I Oslo er auken i leigeprisar historisk sterk. Derfor har vi denne gongen sett av pengar til å skalere opp tilbodet på studentbustader i hovudstaden kraftig, med 546 nye hybeleiningar, seier Borten Moe.

Aukar byggetempoet

17 byggeprosjekt, fordelte på åtte studentsamskipnader og ei bustadsstifting får pengar. Samskipnadane søkte om tilskot til 2 639 hybeleiningar. Regjeringa har valt å prioritere nye og lovande byggeprosjekt som kan startast opp i løpet av kort tid.

– Vi vil få opp tempoet på bygginga av studentbustader og på sikt er målet 3000 nye hyblar i året. I fjor auka vi ramma for kor mykje kvar hybeleining kan koste, og det har hatt effekt. Eg synest studentsamskipnadene har vore gode til å planlegge nye prosjekt dei kan sette i gong raskt. Det betyr at det ikkje er lenge til dei første spadane kan stikkast i jorda, seier Borten Moe.

Slik blir midlane til dei 1650 hybeleiningane fordelte:

 

Samskipnad

Studiestad

Prosjekt

Tal på hybeleiningar

Tilskot i kr.

 
 

Stiftelsen Blindern studenterhjem

Oslo

Nordfløy

22

     8 661 400

 

NAS

Tromsø

Dramsvegen Panorama trinn 4

20

     7 874 000

 

NAS

Tromsø

Dramsvegen Panorama trinn 5

60

   23 622 000

 

SAMMEN

Bergen

Energisentral Hatleberg

66

   25 984 200

 

SAMMEN

Bergen

Hatleberg

12

     4 724 400

 

SiA

Grimstad

Jon Lilletunsvei

3

     1 008 000

 

SiA

Kristiansand

Lund Torv

392

 154 330 400

 

SiM

Kristiansund

Kristiansund

40

   13 440 000

 

SiO

Oslo

Gjerdrumsvei 10

446

 175 590 200

 

SiO

Oslo

Kringsjå fase 3

38

   14 960 600

 

SiO

Oslo

Ullevål studentby

40

   15 748 000

 

SiT

Trondheim

Festningsgata 11

34

   13 385 800

 

SiT

Gjøvik

Studievegen, Gjøvik

20

     6 720 000

 

SiT

Trondheim

Nardoveien 12/14

41

   16 141 700

 

SiT

Trondheim

Klostergata 20

9

     3 543 300

 

SiS

Stavanger

Studentboliger U13

277

 109 054 900

 

Studentinord

Bodø

Storgata 19

130

   51 181 000

 

SUM

 

 

1650

 645 969 900

 

Endringslogg : Retting i andre sitat fra statsråden. 

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.