Regjeringa gjenreiser Husbanken

I 2024 er låneramma til Husbanken på historisk høge 29 milliardar kroner. Det er ei auke på 50 prosent sidan regjeringsskiftet i 2021. Regjeringa varslar no ytterlegare grep for å gjenreise Husbanken.

– Senterpartiet og Arbeiderpartiet meiner ei av hovudoppgåvene til ei norsk regjering er å sørge for at folk har trygge og gode bustadar. I det arbeidet er Husbanken heilt sentral, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Husbanken er ein statleg aktør med god lokalkunnskap og som bruker pengane effektivt til å skape gode heimar for folk i heile Noreg. Husbanken er også sentral for at kommunane skal kunne sikre gode og trygge heimar til innbyggarane sine.

– Det er Husbanken som kjenner dei lokale bustadmarknadane. De har lang tradisjon for å støtte opp om kommunane sitt bustadsosiale arbeid. For å nå regjeringa sitt mål om at alle skal ha ein eigna bustad i heile landet, gjenreiser og fornyar vi no Husbanken, seier Sande.

I bustadmeldinga varslar regjeringa at Husbanken skal få eit nytt mandat og utvida samfunnsoppdrag. Framover skal Husbanken hjelpe fleire vanskelegstilte på bustadmarknaden,  bidra til at fleire kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad og støtte kommunane i deira bustadpolitiske arbeid.

– Skal vi nå alle måla Senterpartiet og Arbeiderpartiet har satt seg i bustadpolitikken, treng vi ein offensiv husbank. Det meiner eg vi legg til rette for no med eit nytt mandat, utvida fagansvar for leigemarknaden og utvide rolla deira opp mot kommunane, oppsummerar Sande.