Regjeringa gratulerer vinnarane av Kavliprisen 2024

Kavliprisen går i år til åtte forskarar frå USA, Canada og Tyskland. Dei blir hylla for banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen er på 1 million dollar til kvart av dei tre fagområda, og blir delt mellom prisvinnarane.

– På vegner av regjeringa vil eg gratulere alle Kavliprisvinnarane med framifrå resultat på deira fagfelt. Takk vere arbeidet deira over mange tiår, forstår vi no meir om atmosfæren utanfor solsystemet vårt, om nanomedisin, og om systemet i hjernen som styrer andletsattkjenning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Det Norske Videnskaps-Akademi kunngjorde i dag prisvinnarane:  

Kavliprisen i astrofysikk går til Sara Seager (Canada/USA) og David Charbonneau (Canada/USA), for oppdaginga av eksoplanetar og skildringa av atmosfæren til desse planetane. Forskarane har utvikla metodar for å oppdage ulike atomslag i atmosfærane til planetar og for å måle infrarød varmestråling. Bidraga deira har vore viktige for den enorme framgangen dei siste 20 åra innan utforskinga av myriadane av eksoplanetar.

Kavliprisen i nanovitskap går til Robert S. Langer (USA), Armand Paul Alivisatos (USA) og Chad A. Mirkin (USA). Dei har revolusjonert feltet nanomedisin ved å vise korleis nanoteknologi kan bringe biomedisinsk forsking og praksis framover. Oppdagingane deira har lagt grunnlaget for utvikling av behandlingsformer, vaksinar, bioavbilding og diagnostikk. 

Kavliprisen i nevrovitskap går til Nancy Kanwisher (USA), Doris Tsao (USA) og Winrich Freiwald (Tyskland). Dei har oppdaga eit spesialisert system i hjernen for attkjenning av andlet. Oppdagingane deira har gitt oss grunnleggande prinsipp for nevral organisering og danna utgangspunkt for videre forsking på korleis behandlinga av visuell informasjon er knytt saman med andre kognitive funksjonar.

Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, The Kavli Foundation (USA) og Kunnskapdepartementet. 

– Eg ser fram til å ønske prisvinnarane velkommen til Noreg for å ta i mot Kavliprisen 3. september, seier Hoel.